Stillingsbeskrivelse

Published 05-05-2024
Deadline: 20-05-2024

 

Vi søkjer akuttsjukepleiar

Felles Akuttmottak i Haugesund er staden der alle pasientar som har behov for akutthjelp kjem. Vi tek imot rundt 60 pasientar i døgnet.

Kvardagen er variert og vi veit aldri kva dagen kan bringe. Vi tek imot pasientar i alle aldrar og med ulike behov. Her får du ein spennande arbeidskvardag med fokus på fag og gode kollegaer på toppen!

Vi ser etter sjukepleiarar med vidareutdanning i akuttsjukepleie eller sjukepleiarar med relevant erfaring som kan kompensere for manglande vidareutdanning.

Arbeidsoppgåver

  • Mottak, stabilisering og behandling av pasientar med behov for øyeblikkelig hjelp
  • Samhandling i tverrfaglege team
  • Opplæring og rettleiing av studentar og nytilsette
  • Tredelt turnus med arbeid kvar 3. helg

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Videreutdanning i akuttsjukepleie
  • Minimum 2 års erfaring med akuttmottak eller annan relevant erfaring kan kompensere for manglende videreutdanning
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad 

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du:

  • liker høgt arbeidstempo og å bli utfordra fagleg
  • jobbar godt i team, men kan også ta sjølvstendige val
  • er framoverlent og liker å lære nye ting
  • kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø

Vi tilbyr

  • Ein spennande og utfordrande jobb med moglegheiter for fagleg utvikling
  • Løn i samsvar med gjeldsande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Fleksibilitet og stor innflytelse på egen turnus

Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Andrika Hagfjäll-Lande, Funksjonsleiar, +47 92259404, andrika.sabine.linnea.hagfjall-lande@helse-fonna.no
Annelin Voraa Steinsnes, Avdelingsleiar, +47 91191012, annelin.voraa.steinsnes@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 Haugesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 4809740870
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Sluttdato: 01.09.2025
Søknadsfrist: 20.05.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Felles akuttmottak, Helse Fonna HF orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.

 

Webside
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted HAUGESUND (Adresse: Karmsundgata 120 Postnr: 5528)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 3
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 20-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/e84b28ce-ffdb-4a57-a9ac-40c370898024
IMPORTAPI