Stillingsbeskrivelse

Published 07-05-2024
Deadline: 22-05-2024

 

Vi søkjer to juristar til ei fast stilling og eit vikariat

Om avdelinga

Folkehelseavdelinga har ansvaret for utvikling og oppfølging av folkehelsepolitikken og koordinering av det tverrdepartementale folkehelsearbeidet. Avdelinga har ansvar for ei rad lovområde, eksempelvis folkehelselova, matlova, kosmetikklova, alkohollovgjevinga, tobakkslovgjevinga, lovgjevinga for miljø og helse og for strålevern. Internasjonalt samarbeid, herunder arbeid knytt til EU/EØS og WHO er ein viktig del av oppgåvene i avdelinga. Ansvarsområder som smittevern, drikkevann og strålevern gjer at avdelinga har en sentral rolle innan beredskapsfeltet.

Folkehelseavdelinga har tre seksjonar: Seksjon for alkohol-, narkotika- og tobakkspolitikk, Folkehelseseksjonen og Seksjon for ernærings- og mattryggleik.

Om stillingane

Vi søkjar etter juristar til ei fast stilling og til eit eittårig vikariat i stilling som førstekonsulent/rådgjevar/seniorrådgjevar.

Stillingane er plassert i Seksjon for alkohol-, narkotika- og tobakkspolitikk. Dei juridiske saksbehandlarane inngår i eit juridisk team i avdelinga som jobbar på tvers av seksjonane, og dei som blir tilsett må rekna med arbeidsoppgåver også utanfor eigen seksjon.

Seksjon for alkohol-, narkotika- og tobakkspolitikk har ansvar for førebyggingspolitikken på områda alkohol, narkotika og tobakk, herunder ansvar for alkohollovgjevinga, tobakkslovgjevinga og eigarstyring av AS Vinmonopolet. Seksjonen har òg ansvar for det internasjonale arbeidet på fagfeltet, herunder arbeid knytt til EU/EØS.

Arbeidsoppgåvene vil være knytt til dei juridiske ansvarsområda i avdelinga.  Blant dei sakene avdelinga for tida arbeidar med er fleire høyring- og lovforslag på tobakksområdet og regulering av marknadsføring av usunn mat og drikke retta mot barn.

Arbeidsoppgåver

Dei nye kollegaene våre skal arbeide med:

  • utgreiingsoppgåver/regelverksarbeid
  • juridisk sakshandsaming
  • vanlege forvaltingsoppgåver, som å svare på førespurnader frå enkeltpersonar, førebu saker til den politiske leiinga knytte til saksfeltet og avdelinga sine oppgåver for å ta vare på rettslege omsyn og god forvalting.

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

Kvalifikasjonar

Du må ha

  • juridisk embetseksamen/master i rettsvitskap
  • svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk, og god skriftleg og munnleg framstillingsevne på engelsk

For stilling som rådgjevar krev vi som hovudregel minst 3 år relevant erfaring, og for seniorrådgjevar som hovudregel minst 6 år relevant erfaring. Nyutdanna kan søkje stilling som førstekonsulent.

Den som vert tilsett må kunne autoriserast for behandling av informasjon gradert BEGRENSA eller høgare etter sikkerheitslova

Vi vil vektlegge:

  • Kjennskap til offentleg forvalting
  • Relevant erfaring (for stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar), herunder frå:
    • arbeid i departement
    • utgreiingsoppgåver og regelverksarbeid
    • internasjonalt arbeid, særleg EU/EØS-arbeid
  • Forståing av samspelet mellom politikk og forvalting
  • Kjennskap til og interesse for saksområda i seksjonen og avdelinga
  • Faglege resultat

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som

  • tek initiativ, er sjølvstendig, strukturert og effektiv
  • har gode analytiske og strategiske evner
  • er pliktoppfyllande og har god gjennomføringsevne
  • er raus, fleksibel og omgjengeleg og har vilje til å arbeide tverrfagleg
  • er god til å motivere og involvere kollegaer
  • er engasjert og flink til å finne løysingar i komplekse saker med ulike interesser
  • har god samfunnsforståing og er interessert i politiske prosessar og statlege styringsverkemiddel

Vi legg vekt på personlege eigenskapar som gjer nettopp deg skikka til stillinga. 

Mangfald og inkludering i Helse- og omsorgsdepartementet 

Vi er opptekne av mangfald, og meiner inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer å vere ein arbeidsstad som speglar folket, og vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å medverke til endå betre oppgåveløysing. Vi oppmodar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje.

Vi har eit personalpolitisk mål om å inkludere personar med nedsett funksjonsevne og personar som har stått utanfor arbeid eller utdanning i lengre tid, og vi legg til rette arbeidstilhøva om det trengst.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.

For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie positivt særhandsama på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgjevarportalen

Vi oppmodar deg til å krysse av i jobbportalen dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssinga i jobbsøkjarportalen gjer grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Vi tilbyr

  • stillingsbrøk: 100 %
  • sjølvstendige og varierte arbeidsoppgåver
  • eit spennande arbeidsområde med godt høve til fagleg utvikling
  • eit godt arbeidsmiljø med kompetente, engasjerte og trivelege kollegaer
  • 5 veker ferie, fleksitidsordning og gode velferdsordningar
  • god pensjons- og låneordning gjennom Statens Pensjonskasse
  • trening i arbeidstida

Les meir om å jobbe hos HOD her: Jobbe i Helse- og omsorgsdepartementet

Vi er underlagde lov- og avtaleverk som sikrar dei tilsette ryddige arbeids- og tenesteforhold.

Den som vert tilsett må kunne autoriserast for behandling av informasjon gradert BEGRENSA eller høgare etter sikkerheitslova.

Løn:

Kr. 540 000 – 850 000 avhengig av kvalifikasjonar og erfaring. For særleg kvalifiserte kan vi vurdere høgare løn.

2 % innskot til Statens pensjonskasse blir trekt frå løna. Medlemskapen er ei av dei beste pensjonsordningane i landet, med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar.

Bakgrunnssjekk

HOD samarbeider med Semac for bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar. Bakgrunnssjekken blir utført etter samtykke frå deg som søkjar, og innebærerat me verifiserer CV og annan søknadsdokumentasjon i samband med tilsetjinga.

Slik søkjer du

Send søknad elektronisk via lenka «Søk stillinga» nedst på sida til JobbNorge.no.

Legg ved vitnemål og eventuelle attestar, og legg inn opplysningar til din CV.  

Alle dine personopplysningar vert tatt vare på i samsvar med GDPR.    

Unntak fra offentlig søkerliste  

I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.  

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Helse- og omsorgsdepartementet orgnr: 983893716
Kort om arbeidsgiver

Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) har det overordna ansvaret for at folk får gode og likeverdige helse- og omsorgstenester. Departementet har ansvar for folkehelsepolitikken og primærhelse- og spesialisthelsetenesta, medrekna e-helse, helserett og eigarskapsforvaltning av helseføretaka. Departementet har om lag 250 tilsette.

Les meir om oss på regjeringa.no.

Webside https://www.regjeringen.no/no/dep/hod/jobb-i-hod/jobbe-i-helse–og-omsorgsdepartementet/id2411858/
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted OSLO (Adresse: Teatergata 9 Postnr: 0180)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 22-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/958c33a1-f71f-4182-bb2b-6b6f4737047d
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/262933