Stillingsbeskrivelse

Published 25-04-2024
Deadline: 15-05-2024

 

Vik Rekneskap AS søkjer etter ein ny kollega med bakgrunn innan rekneskap.

Er du statsautorisert rekneskapsførar og bur i Vik eller omegn? Eller kanskje freistar det med fjord og fjell rett utanfor døra? Da bør du lese vidare.

Hva vi ser etter

Me søkjer deg som har vore autorisert rekneskapsførar i nokon år. Du er glad i menneskjer og er god på å bygge relasjonar. Du er interessert i kundane dine og du er så tett på dei at du veit når dei kjøper seg ny bil, har fullført maraton eller har fått ei kjempe kveite. Du trivs med varierte arbeidsoppgåver og du bidreg til eit godt arbeidsmiljø.

Arbeidsoppgaver

Me ser etter deg som ynskjer å sjå framover, vekk frå den tradisjonelle bilagsføringa, og over til meir moderne rekneskapsrådgjeving. Som rekneskapsførar spela du ei viktig rolle som støtte og samarbeidspartnar for eit vidt spekter av kundar, frå primærnæring til lokale bedrifter. Ved å vere tett på kundane og gi rettleiing, bidreg du til vekst og utvikling i det lokale næringslivet.

Sjølv om tal er viktig, er økonomi mykje meir enn berre tal. Rekneskap og økonomifaget er praktisk og krev at du løftar blikket, er nysgjerrig og tore å stilla spørsmål. Det er ikkje alltid klare svar, og det er nettopp det som gjer jobben vår så interessant.

Vi tilbyr

  • Gode kollegaer som er oppdatert på fag, primærnæring og forretning
  • Allsidig arbeidskvardag som gir deg moglegheit til å utvikla deg samtidig som du har ein trygg og stabil arbeidsplass
  • Umiddelbar nærheit til fjord og fjell
  • Fleksibel arbeidstid
  • Heimekontor
  • Vik Rekneskap er datterselskap av Økonomiservice, så i tillegg til kollegaer i Vik, vil du og bli ein del av eit større miljø.
  • Vik Rekneskap er med i ØkoRåd-Vekstra kjeda, som er ei landsdekkande kjede med over 40 kontor og 500 rekneskapsførarar.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Vik Rekneskap As orgnr: 971952504
Kort om arbeidsgiver

Vik Rekneskap AS er eit godkjent rekneskapsselskap, som held til i Vik i Sogn. Selskapet blei etablert i 1998, som ei vidareføring av Vik Rekneskapslag. Rekneskapslaget har historikk heilt tilbake til 1954. No er det tilsette på eigarsida i selskapet, representert ved Harald, Per og Kjell Egil, supplert med Økonomiservice AS som no har ein eigarpost på 55%.Totalt er me no 7 tilsette, der 5 er statsautoriserte rekneskapsførarar. Kontoret og dei statsautoriserte rekneskapsførarane er medlemar av Regnskap Norge.

Kontoret er også medlem av Norges Bondelag og ØkoRåd-Vekstra kjeda.

I kundemassen vår finn du både bønder, handverkarar, maskinentrepenørar og forskjellige handelsverksemder. Arbeidet blir for det meste utført ved vårt kontor, men me tek også på oss oppdrag ute hjå kunden.

Webside https://vikrekneskap.no/
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Økonomi, statistikk og regnskap
Sted VIK I SOGN (Adresse: Elvegata 20 Postnr: 6893)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Privat
Krav Unknown
Tiltredelse Etter avtale
Søknadsfrist 15-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/57e51e8a-5fbf-4676-a5fc-0bc34e193d52
Stillingsregistrering