Stillingsbeskrivelse

Published 07-05-2024
Deadline: 31-12-2024

 

Vil du ha ein lærerik jobb på sjukehuset og få stipend i tillegg?

Kombiner studiet med ein lærerik jobb og få stipend i tillegg.

Hos oss får du lære mykje om sjukepleie i eit godt miljø med kjekke kollegaer. Som sjukepleierstudent kan du søke om helge- og feriestilling ved eitt av våre sjukehus. Du får både løn, fagleg utvikling og stipend.

Som 2. års sjukepleiarstudent kan du frå hausten 2024 inngå avtale med Helse Fonna HF der du får eit stipend på kroner 20.000. Stipendet får du dersom du inngår kontrakt på å arbeide minimum 10 helger frå hausten 2024 til august 2025, samt 5 veker i sommarperioden 2025. To av dei 10 helgene skal inngå i sommarperioden. Stipendet er skattepliktig og blir utbetalt i månadlege rater.

Skriv i søknaden kva avdeling du helst vil jobbe ved og kva praksisplassar du har hatt i løpet av studietida. 
Annonsa gjeld Kirurgisk klinikk, Medisinsk klinikk og Klinikk for psykisk helsevern

Kvalifiserte søkjarar blir tilsett fortløpande.

Arbeidsoppgåver

  • Delta i behandling og pleie av pasientar
  • Du vil vera ein del av det tverrfaglege teamet og arbeidsfellesskapet i einingane
  • Arbeidsoppgåver i kirurgisk og medisinsk avdeling

Kvalifikasjonar

  • Du er 2.års sjukepleiarstudent
  • Studentbekreftelse må foreligge ved oppstart
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad

Personlege eigenskapar

  • Du har eit godt lag med folk
  • Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • Du held roen og klarer å prioritere i stressande situasjonar
  • Du kommuniserar og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer 

Vi tilbyr

  • Vi gir deg ein unik moglegheit til å praktisere faget ditt i eit trygt miljø der du er omgitt av dyktige fagpersonar døgnet rundt.
  • Vi gir deg eit godt innblikk i spesialisthelsetenesta, noko som er nyttig uansett kor du vel å arbeide i framtida.
  • Vi medverkar til at du får utvikle breidda i sjukepleiarfaget i eit spennande, utviklande og dynamisk miljø.

 

Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer  å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Gunvor Line Steinsland, gunvor.line.steinsland@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 10
5750 Odda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 4811596647
Stillingsprosent: 20%
Anna
Søknadsfrist: 31.12.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Odda sjukehus Helse Fonna HF orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.

 

Webside
Bransje Bygg og anlegg
Yrke Maskin- og kranfører
Sted ODDA (Adresse: Sjukehusvegen 10 Postnr: 5750)
Stillingstype Annet Deltid Antall stillinger: 15
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 31-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/ee420443-7f38-415d-bda5-3b3e0de68545
IMPORTAPI