Stillingsbeskrivelse

Published 16-04-2024
Deadline: 02-05-2024

 

Vil du leie viktige samferdselsprosjekt i Vestland ?

Avdeling Infrastruktur og veg (INV) utviklar kvardagsvegane i Vestland. Kvardagsvegane bind menneske og lokalsamfunn saman. Dei skaper felles identitet samstundes som dei bind oss saman med resten av landet og Europa. Vi er ein av landets største byggherrar innan samferdsle, og vi har mange spennande investerings- og vedlikehaldsprosjekt i åra som kjem.  

Til eininga utbygging sør søkjer vi etter ein tydeleg og utviklingsorientert utbyggingssjef som skaper engasjement og set retning. Med deg på laget får du 30 dyktige medarbeidarar, og eit godt leiarfellesskap. 

Om stillinga

Som utbyggingssjef får du ansvar for å levere i tråd med politiske føringar og vedtekne investeringsbudsjett for det geografiske området Voss og Hardanger. Eininga har også ansvar for tunneloppgraderingsprosjekt i Vestland fylke. Prosjektportefølja er på om lag kr 1 milliard pr år.  

Vi ønskjer oss ein leiar som kan utvikle oss vidare med å ta i bruk i nye kontrakts- og samarbeidsformer og ny teknologi, som er to prioriterte satsingsområde for avdelinga. Du må også bidra til godt samarbeid både internt i organisasjonen og med eksterne aktørar. Arbeidsstad er anten Voss eller Odda.  

Hjå oss kan du forvente

Vi kan gje deg ein variert og meiningsfull arbeidskvardag med mykje ansvar. Vi er ein ung organisasjon med store moglegheiter for påverknad og utvikling. 
Du blir ein del av leiargruppa på avdelinga og seksjonen. I tillegg får du tre utbyggingskollegaer som har ansvar for andre geografiske område i fylket.    
Seksjonen har eit godt arbeidsmiljø, skårar høgt på arbeidsmiljøundersøkingar og har eit lågt sjukefråvær.  

Vestland fylkeskommune har gode pensjons- og forsikringsordningar. Løn og oppstart etter avtale. 

Desse kvalifikasjonar og eigenskapar ser vi etter

Du har relevant høgare utdanning. Det er ein fordel med erfaring med vegbygging / samferdsel. Har du erfaring frå annan utbyggingsverksemd ønsker vi sjølvsagt også å høyre frå deg.  Relevant erfaring kan kompensere for høgare utdanning.

  • Du er engasjert, har gode mellommenneskelege eigenskapar og evner å skape eit godt arbeidsmiljø  
  • Du er tydeleg, står støtt i avgjerdene dine og byggjer tillitsfulle relasjonar 
  • Du etterlev verdiane våre; kompetent, open og modig 
  • Du trivast med samarbeid og har fokus på utvikling og engasjement 
  • Du har gode formidlingsevner, både munnleg og skriftleg   

Har du spørsmål om stillinga, eller ønskjer å vite meir, er du velkommen til å ta kontakt med seksjonssjef Gunhild Vangsnes, tlf. 95088609.

Du er også velkommen til å kontakte utbyggingssjef for Utbygging Vest, Cathrine Haugen Botnevik, tlf. 93871300.

Anna informasjon

  • Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
  • Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk
  • Vi gjer merksam på at i fylgje offentleglova §25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkarliste vil du alltid bli varsla før søkarlista vert offentleggjort 

Kontaktinformasjon

Gunhild Beate Nes Vangsnes, seksjonssjef, 95088609

Arbeidsstad

Gurid Almenningens Plass 1
5704 Vossevangen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 4797389653
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.05.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver INV – Planlegging og utbygging, Vestland fylkeskommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.
Webside www.vlfk.no
Bransje Bygg og anlegg
Yrke Arbeidsleder, bygg og anlegg
Sted VOSS (Adresse: Gurid Almenningens Plass 1 Postnr: 5704)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 02-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/7f44bfd8-09c3-4b5c-b0e6-0eced9d68206
IMPORTAPI