Stillingsbeskrivelse

Published 05-05-2024
Deadline: 31-05-2024

 

Vil du vere med i teamet vårt som bioingeniør ved blodbanken? 

Vi er på jakt etter ny medarbeidarar som ønskjer å bli ein del av det flotte laget vårt. Om lag 20 dyktige og trivelege tilsette utgjer staben i vår avdeling. Hos oss får du varierte arbeidsdagar med rotasjon på dei ulike arbeidsstasjonane, noko som bidreg til eit spennande og lærerikt arbeidsmiljø. Vi er ein tett samansveiset gjeng som set pris på godt samhald og å ha det kjekt saman på jobb.

Immunologi og transfusjonsmedisin held til i moderne og velutstyrte lokaler i 5. etasje i det nye sjukehusbygget. Vi er stolte av å vere akkreditert av Norsk Akkreditering, og vi oppfyller alle krav til kvalitet og kompetanse i samsvar med NS-EN ISO 15189. Våre laboratoriedatasystem inkluderer ProSang og Unilab 700, som støttar oss i å levere arbeid av høg kvalitet.

Ikkje nøl med å ta kontakt om du har spørsmål knytte til stillinga. Vi ser fram til å høyre frå deg! Intervju vert gjennomført fortløpande. Oppstartsdato kan avtalast. Vi oppmodar nyutdanna til å søkje.

Arbeidsoppgåver

  • Blodtypeserologisk analysearbeid
  • Tapping av blodgivarar
  • Komponentframstilling
  • Blodutlevering.
  • Andre arbeidsoppgåver ved behov.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som bioingeniør er ein føresetnad
  • Erfaring frå transfusjonsmedisin er ein fordel, men ikkje nødvendig.
  • Må beherske norsk munnleg og skriftleg på høgt nivå
  • Personlig egnethet vektlegges

Hos oss er det viktig at du

  • Er ansvarsbevisst, nøyaktig og arbeidssam
  • Har gode samarbeidsevner
  • Har høg arbeidsmoral
  • Trivst i eit aktivt og travelt miljø

Vi tilbyr

  • Ein trivelig arbeidsplass med godt miljø og inkluderende kolleger.
  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden

 

Mangfaldserklæring

Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Anita Larsen, Funksjonsleder, +47 52732280

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 4807293067
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.05.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Immunologi og transfusjonsmedisin, Helse Fonna HF orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.

 

Webside www.helse-fonna.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Lege
Sted HAUGESUND (Adresse: Karmsundgata 120 Postnr: 5528)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Norskkunnskaper
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 31-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/28860745-9021-4efa-bac9-258b72e15fc0
IMPORTAPI