Stillingsbeskrivelse

Published 24-04-2024
Deadline: 12-05-2024

 

Vil du vere med på å styrke ungdomssatsinga vår? 

Har du lyst til å rettleie personar som av ulike helseårsaker treng støtte på vegen til utdanning eller arbeidslivet? Trivs du med å motivere og har du trua på at alle menneske har talent og moglegheiter som arbeidslivet treng? Då treng vi deg i NAV!

NAV Osterøy,  som er ein del av NAV region Nordhordland, har ledig ei fast statleg stilling som rettleiar som skal følge opp ungdomar med helseutfordringar. Du bør trivast  med å samarbeide tverrfagleg og utadretta mellom anna med bedrifter, tiltaksarrangørar, helsevesenet og utdanningsinstitusjonar.

Arbeidsstaden blir på NAV Osterøy,  men du vil få arbeidsoppgåver for heile region Nordhordland. Regionen består av 8 kommunar og NAV har kontor i Solund, Masfjorden og i Alver. Arbeidsdagar på det næraste nabokontoret, NAV Alver, kan også verte aktuelt. Vi ser etter deg som har lyst til å vere ei god støtte for ungdom og bidra til at arbeidslivet får tilgang til framtidas arbeidskraft. 

I søknadsteksten ber vi deg reflektera over og skrive noko om kva som motiverer deg til å støtte ungdom til utdanning og arbeid.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsretta oppfølging av ungdom med helseutfordringar som treng støtte for å komme i arbeid og utdanning
  • Motivere og rettleie for arbeid og aktivitet
  • Vurdere arbeidsmoglegheiter og systematisk støtte ungdomen
  • Finne moglegheiter i lokalt og regionalt arbeidsliv i lag med ungdomane du følger opp

Endring i oppgåver og ansvar må kunne påreknast.

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • fullført utdanning på minimum bachelornivå frå høgskule/universitet, fortrinnsvis innan helse/sosialfag eller samfunnsvitenskapleg fag. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for kravet til utdanning
  • erfaring med oppfølging av ungdom i utanforskap eller tilsvarande 
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • digital kompetanse til å handtere fagsystem og kommunikasjonsverktøy
  • førerkort klasse B

Det er ein fordel om du har: 

  • rettleingskompetanse
  • erfaring med tverrfagleg samarbeid

Personlege eigenskapar

  • Vi ser etter deg som er sjølvstendig, strukturert og lærevillig
  • Du kan kommunisere med menneske i krevjande livssituasjonar
  • Du har gode samarbeidsevner og evne til å skape tillit og motivere
  • Du er løysningsorientert og har pågangsmot

Og ikkje minst må du ha godt humør og vere ein viktig bidragsyter til det gode arbeidsmiljøet i NAV region Nordhordland.

Vi tilbyr

  • Meiningsfylte oppgåver i kontakt med mange kjekke ungdomar, arbeids- og næringsliv, mange samarbeidspartnarar
  • God opplæring og rettleiing
  • Eit aktivt, utviklande og engasjerande arbeidsmiljø
  • Fleksibel arbeidstid, heimekontorløysing og mogelegheit for trening i arbeidstida
  • Tilsetjing på statlege vilkår som rådgjevar i stillingskode 1434 med lønsspenn frå kr. 548 600 – 584 500 (tilsvarande ltr. 56 – 60). For særskilt kvalifiserte søkarar kan høgare løn vurderast.
  • Gode pensjonsordninger gjennom Statens pensjonskasse

Kontaktinformasjon

Vigleik Kalland, Nav leiar, 45390505, Vigleik.kalland@nav.no

Arbeidsstad

Geitaryggen 8
5282 Lonevåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: NAV

Referansenr.: 4802703756
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.05.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver NAV Osterøy har ledig stilling som rådgivar  orgnr:
Kort om arbeidsgiver

NAV søker ansatte med hjerte for mennesker og våre fagområder. Vår visjon er å gi mennesker muligheter, og dette gjør vi ved å utvikle Norges beste arbeids- og velferdstjenester.

NAV består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidere. Vi jobber tverrfaglig i sterke fagmiljøer. Hos oss skal arbeidsmiljøet preges av involvering, åpenhet og tillit.

Mangfold er viktig i NAV. Mangfold bidrar til bedre problemløsing, økt kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppfordrer derfor kandidater med ulik bakgrunn til å søke på stillinger hos oss, spesielt om du har hull i CV-en, innvandrerbakgrunn eller nedsatt funksjonsevne.

Ønsker du å bli unntatt fra offentlig søkerliste må du begrunne dette. Del gjerne ditt vitnemål eller karakterutskrifter via vitnemålsportalen.no.

NAVstilling

Webside
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted LONEVÅG (Adresse: Geitaryggen 8 Postnr: 5282)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 12-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/8dff0b55-2eca-463c-9d3a-3672fd907bd4
IMPORTAPI