Stillingsbeskrivelse

Published 17-04-2024
Deadline: 02-05-2024

 

Vil jobbe med videoproduksjon på eit viktig samfunnsområde?

NAV fylkeskontor Vestland har eit ledig engasjement i midlertidig stilling med oppstart august og varighet til mars 2025. 

Vil du hjelpe oss å nå ulike målgrupper med historieforteljing og levande bilete som verktøy? Har du lyst å til lære meir om arbeidsmarknaden og velferdsordningane våre, og formidle det til verda omkring oss? Då kan NAV fylkeskontor Vestland vere staden for deg. Kontoret vårt har 45 tilsette og er bindeleddet mellom Arbeids- og velferdsdirektoratet og alle NAV-kontora i fylket. 

NAV Vestland har ein eigen videostrategi for å sikre at vi jobbar profesjonelt, effektivt og samordna på området. Du blir ein del av ei gruppe som samarbeider om å produsere video og anna medieinnhald. Du vil jobbe tett med kollegaer som kan kommunikasjon, personvern og innhaldet som skal formidlast, men som manglar den produksjonstekniske kompetansen som du kjem inn med.  

Du blir med på å forme eit nytt fagfelt, og vi ser etter deg som er kreativ og finn gode løysingar samtidig som du kan gi råd og brukarstøtte til kollegaer på ulike kunnskapsnivå. Om du har ei god blanding av nysgjerrigheit, tolmod og pågangsmot oppfordrar vi deg til å søke jobb hos oss! 

Arbeids- og ansvarsområde

  • Bidra til å utvikle video som verktøy i intern og ekstern kommunikasjon i NAV Vestland 
  • Produsere direktesendingar, videoar til bruk i informasjon, profilering, opplæring og sosiale medium  
  • Gi råd, opplæring og brukarstøtte til kollegaer som skal filme (ofte med mobilen) og hjelpe dei å sy saman opptak til ferdige produkt 
  • Kome med idéar og faglege råd om korleis vi kan bruke video for å kommunisere med ulike målgrupper 
  • Vere kontaktperson opp mot fagmiljø for videoproduksjon i andre regionar i NAV  
  • Halde oversikt over planlagde og produserte videoar, samt brukarteste og evaluere det vi produserer 
  • Motivere kollegaer i heile fylket til å ta i bruk video som verkemiddel 

Kvalifikasjonar

Du må ha:  

  • høgare utdanning på minimum bachelornivå innan video- eller medieproduksjon. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for kravet til utdanning 
  • gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsferdigheiter, også på nynorsk som er hovudspråket vårt 
  • god digital kompetanse 
  • erfaring eller kjennskap til arbeid med foto og eller grafisk utforming 

I tillegg er det ein fordel om du: 

  • har praktisk erfaring som innhaldsprodusent frå idé til ferdig produkt, med særleg vekt på det tekniske bak kamera, redigering og anna etterarbeid  
  • har erfaring med relevant programvare. Vi brukar mellom anna Davinci Resolve og Subtitle Edit og publisering på Stream og Vimeo. 
  • kjenner krava til universell utforming og korleis vi oppfyller dei i praksis 

Vi ser etter deg som

  • Er engasjert og oppdatert på fagfeltet ditt, og tek initiativ til forbetringsarbeid  
  • Jobbar strukturert og klarer å vere effektiv med fleire oppdrag og knappe tidsfristar 
  • Kommuniserer tydeleg og har gode evner til samhandling 

Vi tilbyr

  • Spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innan eit viktig samfunnsområde 
  • Eit aktivt og godt arbeidsmiljø med dyktige og trivelege arbeidskollegaer 
  • Fleksibel arbeidstid og høve til trening i arbeidstida 
  • Stillinga blir plassert i stillingskode 1434 rådgivar/1364 seniorrådgivar avhengig av erfaring og kvalifikasjonar. Lønsspennet er frå kr. 557 100 – 692 400 per år (tilsvarande ltr. 57 til 70). For særskilt kvalifiserte søkarar kan høgare lønn vurderast.
  • Gode pensjonsordningar gjennom Statens Pensjonskasse (frå løna blir det trekt 2%) 

Kontaktinformasjon

Frode Storvik, 917 50 277, frode.storvik@nav.no

Arbeidssted

C. Sundts gate 29
5004 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: NAV

Referansenr.: 4801060606
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Startdato: 01.08.2024
Sluttdato: 31.03.2025
Søknadsfrist: 02.05.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Rådgivar/seniorrådgivar for video og medieproduksjon orgnr: 984252692
Kort om arbeidsgiver

NAV søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.  

NAV består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.

Mangfald er viktig i NAV. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.

Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskriftene dine på vitnemålsportalen.no. 

NAVstilling

Webside
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Kontor, forvaltning og saksbehandling
Sted BERGEN (Adresse: C. Sundts gate 29 Postnr: 5004)
Stillingstype Engasjement Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 01-08-2024
Søknadsfrist 02-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/08d712ef-4ded-4f7a-ae6f-902b8e2a7a67
IMPORTAPI