Stillingsbeskrivelse

Published 18-04-2024
Deadline: 07-05-2024

 

Vinstra vidaregåande skule – Undervisningsstilling i engelsk og spesialpedagogikk (vikariat)

Beskrivelse

 Vinstra vidaregåande skule har frå 1.august 2024 ledig inntil 100% vikariat i engelsk og eventuelt andre fag.  Inntil 100% vikariat i spesialpedagogikk innan faga norsk, engelsk og matematikk.  Det kan og bli aktuelt med undervisning i norsk for framandspråklege.

Det ligg undervisning både på yrkesfag og studiespesialisering i begge stillingane.

Det er ønskeleg at den som blir tilsett kan undervise i fleire fag.

Vi søkjer deg som

  • likar ungdom og ser alle!
  • er god på relasjonsbygging og samarbeid
  • sjølvstendig, samarbeidsviljug og bidreg på ein positiv måte i ein delingskultur
  • god fagleg- og digital kompetanse
  • evner å planlegge og gjennomføre opplæring som sikrar  læringsprogresjon for alle elvar
  • er utviklingsorientert og reflekterer over eigen praksis og faga dine
  • har eit positivt elevsyn

Vi tilbyr

  • lønn etter gjeldande avtaleverk
  • fylkeskommunale tilsettingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar.

  • godt arbeidsmiljø i trivelege omgjevnader
  • vår visjon: “gode forbilde formar framtida”
  • eit bibliotek, IKT-avdeling og kontor som er oppdaterte og yter god service til både elevar og tilsette
  • eit framoverlent kollegie som er opptatt av elevane si læring og utvikling
  • lokaler og undervisningsutsyr med høg kvalitet

 

Om stillinga

  • undervisning i engelsk og eventuelt eit anna fag
  • undervisning på både studieførebuande- og yrkesfagleg studieretning
  • tilrettelagt undervisning
  • spesialundervisning

Arbeidsoppgåver

  • undervisning oppfølging av elevar
  • samarbeid med interne- og eksterne samarbeidspartnarar
  • pedagogisk- og fagleg utviklingsarbeid
  • bidra og delta i skulen sitt utviklingsarbeid

 

Ønskte kvalifikasjoner

  • pedagogisk utdanning med relevant fagleg fordjupning i faget 

 

Søknad

Innlandet fylkeskommune ønsker at arbeidsstyrken skal speile mangfaldet i befolkninga og oppmodar difor alle som er kvalifisert i samsvar med krava i stillinga til å søke hjå oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det. Det vil bli lagt vekt på om du som person er eigna for stillinga.

Vi gjer merksam på at alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Unntak frå dette blir behandla etter grunngjeving i tekstfeltet til søknaden.

Vi gjer merksam på at overtallige i fylkeskommunen kan ha fortrinnsrett til stillinga.

Innlandet fylkeskommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Vi ber aldri om bank-ID informasjon i søknadsprosessen.

Vi ser fram til å motta søknaden din.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Innlandet fylkeskommune Vinstra vidaregåande skule orgnr: 974597233
Kort om arbeidsgiver I hjartet av Gudbrandsdalen finn du Vinstra vidaregåande skule som ein arena for kunnskap, læring og fellesskap, med moglegheiter for alle. Skulen er tufta på gamle tradisjonar, men er likevel moderne og i stadig utvikling.

Vinstra videregående skule har seks utdanningsprogram: Studiespesialisering, musikk og dans, helse- og oppvekstfag, elektrofag, byggfag, og teknikk og industriell produksjon. Skulen har litt over 370 elevar og om lag 80 lærarar.

Skulen skal vera ein døropnar for ungdomar til vidare utdanning og arbeidsliv. Vi arbeider for at elevane skal bli gode samfunnsborgarar og for å gjere dei klare for framtida.

Vi legg vekt på høg kvalitet, både sosialt og fagleg, for å fremje trivsel og læring. Vi ønskjer å gi våre elevar kompetanse på vegen til å nå sine mål og draumar – gode forbilde formar framtida!

Skulen er eigd og drive av Innlandet fylkeskommune.

Tilgjengelighetserklæring for EasyCruit: https://uustatus.no/nb/erklaringer/publisert/f9747c75-22c2-4118-972a-c13193edfc8a

Webside
Bransje Utdanning
Yrke Videregående skole
Sted VINSTRA (Adresse: Gamle Skåbuvegen 10 Postnr: 2640)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 07-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/9fb472a9-c30e-4c33-8de7-67d3b60211c0
IMPORTAPI