Stillingsbeskrivelse

Published 29-04-2024
Deadline: 29-05-2024

 

VVS-ingeniør

Teknisk avdeling søker ein VVS-ingeniør med BIM-kompetanse til den nyoppretta seksjonen Vedlikehaldsstyring og teknisk informasjon. Seksjonen har ansvar for å vidareutvikle arbeidsprosessane for Teknisk avdeling, sikre etterleving av desse og styrkje den faglege støtta til drift- og vedlikehaldsavdelingane. Vi søkjer deg som er utdanna innan VVS og har god erfaring med BIM-modellering i dette fagfeltet. Du meistrar AutoCAD og Revit og er kjend med
system- og komponentnummereringa i henhald til TFM. Har du kjennskap til Solibri og dRofus, er det ein
fordel. Du vil bli ein del av eit tverrfagleg og spennande miljø med dyktige kollegaer. Vi oppmoder særskild nyutdanna til å søkje.

God vedlikehaldsstyring og dokumentkontroll er nøkkelkriterium for å oppnå ein sikker og effektiv drift av sjukehuset. Vi har ambisjonar om å vere i fremste rekke i bruk av moderne IT-verktøy og skal i løpet av 2024 innføre nytt FDVU-system som vil gje eit betre planverk for våre drift- og vedlikehaldsoppgåver i tillegg til teknisk dokumentasjon. Seksjonen har òg ansvar for å representere Teknisk avdeling i ulike prosjekt og fremje avdelingas behov.

Teknisk avdeling forvaltar Helse Bergen si eigedomsmasse og dei allmenntekniske anlegga. I tillegg til bygningsmessig drift og vedlikehald, har avdelinga også ansvar for sjukehusets tekniske infrastruktur og uteområde og drift og vedlikehald av ein del produksjonsutstyr.  Teknisk avdeling er lokalisert ved Haukeland universitetssjukehus i Bergen, men ca. 25 av avdelingas tilsette er lokalisert ved Sandviken, Voss og Kysthospitalet i Hagevik. Avdelinga ønsker å sikre medarbeidarane ein trygg og god arbeidsplass som igjen er med på å gje ei best mogleg pasientsikkerheit for Helse Bergen. Hos oss får du høve til å kombinere høg fagleg kompleksitet i ein verdifull samanheng.  

Arbeidsoppgåver

  • Oppdatere eksisterande BIM-modellar i Revit
  • Oppdatering av dRofus database 
  • Ansvar for VVS-dokumentasjon i Helse Bergen HF sitt digitale teikningsarkiv Meridian
  • Oppdatere VVS-teikningar, prosedyrar og retningsliner for Helse Bergen HF 
  • Kontroll av leveranse frå prosjekt for VVS-faget i både AutoCAD og Revit 
  • Kontroll av IFC-modellar i Solibri 
  • Bistå som BIM-rådgivar for VVS-faget for ivareta eigenrinteresser til Helse Bergen 
  • Bistå med utvikling av BIM-manualen til Helse Bergen for VVS-faget

Kvalifikasjonar

  • Krav om relevant utdanning innan fagskole/ingeniør VVS
  • Erfaring med modellering i Revit og relevante plug-ins; MagiCAD og Naviate
  • Erfaring med/kjennskap til Solibri og dRofus 
  • Kjennskap til FDVU-dokumentasjon  
  • Generell gode datakunnskapar 
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk

Personlege eigenskapar

  • Du arbeider strukturert, effektivt, nøyaktig og er resultatorientert
  • Du har gode samarbeidsevner
  • Du er serviceinnstilt, engasjert, ser moglegheiter der andre ser problem og har godt humør
  • Du set deg raskt inn i nye oppgåver og har lyst til å vidareutvikle deg og lære deg nye program

Vi tilbyr

  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • Triveleg arbeidsmiljø 
  • Høgt fagleg nivå 
  • Fagleg og personleg utvikling 
  • Personalbarnehage 
  • Kompetanseutvikling 
  • Introduksjonskurs

Mangfaldserklæring
Vi ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Henriette Olderøy, Seksjonsleiar, +47 40066106

Arbeidsstad

Haukelandsveien 32
5096 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen

Referansenr.: 4808336338
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.05.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Drift/teknisk divisjon/ Teknisk avdeling/ Vedlikeholdsstyring og teknisk informasjon, Helse Bergen orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Webside
Bransje Bygg og anlegg
Yrke Ingeniør bygg
Sted BERGEN (Adresse: Haukelandsveien 32 Postnr: 5096)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 29-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/61decfcb-ea44-416f-97f7-462411856ed1
IMPORTAPI