Ynskjer du å arbeida som lærarvikar i Voss herad? SJå her – Voss herad Gullfjordungen skule
Kontor og økonomi Kontor forvaltning og saksbehandling(2 uker siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 25-04-2024
Deadline: 12-05-2024
Ynskjer du å arbeida som lærarvikar i Voss herad? SJå her
Det er ledig eit 100 % årsvikariat som pedagog ved Gullfjordungen skule frå 01.08.2024-31.07.2025
Om arbeidsstaden
Gullfjordungen skule ligg ved ein solrik og historisk plass, med Finnesloftet som næraste nabo. Skulen er sentrumsnær og elevane går til og frå Vossabadet og biblioteket. Skulen ber preg av å vera ein grendaskule, og uteområdet blir bruka mykje på kveldstid til aktivitetar.
Foreldre har eit eigarforhold til plassen, deltek avktivt for å ta vare på uteområdet og involverar seg positivt i skulen sitt satsingsområde.
Skulen sitt satsingsområdet er å abeide med tilpassa opplæring, nærversplan og lesing. Me arbeider for eit inkluderande læringsmiljø, der me møter elevane der dei er. Me nyttar Lotus-skjema for å skape ein felles plattform for personale. Skulen prioriterer begynnaropplæringa, og fylgjer leseplanen som er utarbeida av kommunen. Hausten 2024 blir me opp ca.160 elevar. Det er 15 lærarar, 7 andre tilsette, kontortilsett, ass.rektor og rektor ved skulen.
Utdanning og kvalifikasjonar
- GLU 1-7
- Du som skal tilsetjast i undervisningsstilling må ha godkjent og relevant fagleg og pedagogisk kompetanse
- Det er ynskjeleg med kompetanse og erfaring med bruk av digitale læringsverktøy
- Erfaring med begynnaropplæringa er ein fordel
- Anna relevant kompetanse og erfaring kan verta vurdert
Arbeidsoppgåver
- Undervise 1-4 klasse
- Vera kontaktlærar
- Leia, analysera og fylgja opp elevane si læring
- Sørga for eit trygt og godt inkluderande læringsmiljlø
- Vera ein aktiv deltakar og bidragsytar i skulane sitt læringsfellesskap
- Samarbeida godt med føresette og andre faginstansar
Me tilbyr:
- gode vilkår for fagleg utvikling
- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- gode pensjonsordningar
- løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga.
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO