Ekstrahjelp – Vinmonopolet

Carpenters Vaktmester

(2 uker siden)

  • KLEPPE
  •  Lagt til dato: 18. april 2024
  •  Expire date: 2. juni 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 18-04-2024
Deadline: 02-06-2024

 

Ekstrahjelp

Ekstrahjelp

Vi treng ekstrahjelp til vår butikk på Klepp.

Du bør ha 3-årig vidaregåande skole (eller tilsvarande kompetanse) og erfaring frå butikkarbeid. Du må vere serviceinnstilt, vise initiativ og ha gode samarbeidseigenskapar. Det er òg ønskjeleg med grunnleggjande datakunnskapar.

I Vinmonopolet er det eit mål å oppnå balansert samansetning i høve til alder, kjønn, kjønnsidentitet, seksuell orientering og kulturell bakgrunn. Alt salspersonale hos oss må vere over 20 år.

Les meir om personvern i Vinmonopolet her: https://www.vinmonopolet.no/personvern

Nærmare opplysningar om stillinga får du ved å kontakte butikksjef Liv Bakken på telefon 908 55 642.

Send søknad elektronisk via lenkja på denne sida.

Søknadsfrist: 02.06.24

Treng du hjelp til å fylle ut det elektroniske søknadsskjemaet, kan du kontakte Jobbnorges kundeservice på telefon 75 54 22 20. Vitnemål og attestar tek du med dersom du bli kalla inn til intervju.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Vinmonopolet orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Vinmonopolet er det viktigaste verkemiddelet samfunnet har for ansvarleg sal av alkohol. Vi er den største vinbutikken i verda, med vel 35 000 produkt, og har einerett på sal av vin, brennevin og sterkøl. Med på laget har vi over 2 000 stolte, engasjerte og dyktige medarbeidarar, fordelte på nærmare 350 butikkar, kundesenter, netthandel og administrasjon. Vi er på jakt etter deg som vil vere med å ta vare på det gode omdømmet vårt og bidra til at vi held fram med å vere ein faghandel i verdsklasse.

Dette gjer vi gjennom kundemøte prega av fagkunnskap, god service og ansvarskjensle. I tillegg vil du vere ei viktig brikke i arbeidet med å gjere Vinmonopolet til ei føregangsverksemd på berekraft. Vi skal vere rå på fag, stolte kvar dag og best saman som lag.

 

 

Webside https://www.vinmonopolet.no
Bransje Håndverkere
Yrke Vaktmester
Sted KLEPPE (Adresse: Jærhagen senter, Solavegen 25 Postnr: 4351)
Stillingstype Vikariat Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 02-06-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/88387a8a-ae37-4d0c-8ba4-4c4b736c2739
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/261960