Rådgjevar/spesialkonsulent – KFO – Kulturutvikling, Vestland fylkeskommune
Kontor og økonomi Kontor forvaltning og saksbehandling(2 uker siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 17-04-2024
Deadline: 08-05-2024
Rådgjevar/spesialkonsulent
Vestland fylkeskommune er ein av dei største arbeidsstadene i fylket, med over 6000 tilsette.
Ønskjer du å arbeide i eit spanande og innovativt miljø med høve til å påverke samfunnsutviklinga innafor det kulturfaglege området? Då er kanskje dette stillinga for deg.
Vestland fylkeskommune søker rådgjevar for ledig 100% fast stilling i seksjon for kulturutvikling, som er ein del av avdeling for kultur og folkehelse.
Avdelinga har lokasjon både i Bergen og Førde, og den som vert tilsett får arbeidsstad Førde.
Vi ønskjer ein rådgjevar med kompetanse og erfaring både frå offentleg forvaltning og kulturfeltet. Du vil også ha ulike analyse- og utgreiingsoppgåver innanfor kulturområdet.
Arbeidsoppgåver
- Styrke arbeidet med kunnskapsbasert kulturforvaltning og -politikk
- Følgje opp og utvikle prosedyrar for tilskot og anna forvaltning
- Sakshandsaming opp mot politiske utval m.a. svar på høyringar
- Arbeid med tilskotsordningar og handsaming av søknadar
- Andre oppgåver som naturleg ligg til stillinga
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning frå høgskule/universitet på masternivå. Bachelor og relevant realkompetanse kan kompensere for krav om master.
- Kunnskap om og erfaring med sakshandsaming og offentleg forvaltning
- Kjennskap til kulturpolitikk og kunst- og kulturlivet
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- God forståing av digitale verktøy og generell ikt-kunnskap
Personlege eigenskapar
- Systematisk, resultatorientert, utviklingsorientert
- Gode analytiske evner
- Evne til presentere fagområdet i ulike samanhengar
- Fleksibel og tilpasningsdyktig i en variasjonsrik arbeidshverdag
- Evne til både sjølvstendig arbeid og arbeide i team
Vi tilbyr
- Ei utfordrande stilling i ein framtidsretta organisasjon der du kan vera med å setta preg på utviklinga i Vestland fylke
- Eit inkluderande og sterkt fagmiljø
- Varierte arbeidskvardagar og meiningsfulle arbeidsoppgåver
- Fleksibel arbeidstid
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter avtale
- Moderne og trivelige kontor
Kontaktinformasjon
Tone Stedal Haugland, konst. seksjonssjef, 489 94 929, tone.stedal.haugland@vlfk.no
Arbeidsstad
Storehagen 1B
6800 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 4780622611
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.05.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | KFO – Kulturutvikling, Vestland fylkeskommune orgnr: 923720383 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver | Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen. |
Webside | vestlandfylke.no |
Bransje | Kontor og økonomi |
Yrke | Kontor, forvaltning og saksbehandling |
Sted | FØRDE (Adresse: Storehagen 1B Postnr: 6800) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Høyere utdanning |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 08-05-2024 |