Job Description

Published 17-04-2024
Deadline: 08-05-2024

 

Rådgjevar/spesialkonsulent

Vestland fylkeskommune er ein av dei største arbeidsstadene i fylket, med over 6000 tilsette.
Ønskjer du å arbeide i eit spanande og innovativt miljø med høve til å påverke samfunnsutviklinga innafor det kulturfaglege området? Då er kanskje dette stillinga for deg.

Vestland fylkeskommune søker rådgjevar for ledig 100% fast stilling i seksjon for kulturutvikling, som er ein del av avdeling for kultur og folkehelse. 

Avdelinga har lokasjon både i Bergen og Førde, og den som vert tilsett får arbeidsstad Førde.

Vi ønskjer ein rådgjevar med kompetanse og erfaring både frå offentleg forvaltning og kulturfeltet. Du vil også ha ulike analyse- og utgreiingsoppgåver innanfor kulturområdet.

Arbeidsoppgåver

  • Styrke arbeidet med kunnskapsbasert kulturforvaltning og -politikk
  • Følgje opp og utvikle prosedyrar for tilskot og anna forvaltning
  • Sakshandsaming opp mot politiske utval m.a. svar på høyringar
  • Arbeid med tilskotsordningar og handsaming av søknadar
  • Andre oppgåver som naturleg ligg til stillinga

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning frå høgskule/universitet på masternivå. Bachelor og relevant realkompetanse kan kompensere for krav om master.
  • Kunnskap om og erfaring med sakshandsaming og offentleg forvaltning
  • Kjennskap til kulturpolitikk og kunst- og kulturlivet
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • God forståing av digitale verktøy og generell ikt-kunnskap

Personlege eigenskapar

  • Systematisk, resultatorientert, utviklingsorientert
  • Gode analytiske evner
  • Evne til presentere fagområdet i ulike samanhengar
  • Fleksibel og tilpasningsdyktig i en variasjonsrik arbeidshverdag
  • Evne til både sjølvstendig arbeid og arbeide i team

Vi tilbyr

  • Ei utfordrande stilling i ein framtidsretta organisasjon der du kan vera med å setta preg på utviklinga i Vestland fylke
  • Eit inkluderande og sterkt fagmiljø 
  • Varierte arbeidskvardagar og meiningsfulle arbeidsoppgåver
  • Fleksibel arbeidstid
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • Løn etter avtale 
  • Moderne og trivelige kontor

Kontaktinformasjon

Tone Stedal Haugland, konst. seksjonssjef, 489 94 929, tone.stedal.haugland@vlfk.no

Arbeidsstad

Storehagen 1B
6800 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 4780622611
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.05.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver KFO – Kulturutvikling, Vestland fylkeskommune orgnr: 923720383
Kort om arbeidsgiver Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.
Webside vestlandfylke.no
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Kontor, forvaltning og saksbehandling
Sted FØRDE (Adresse: Storehagen 1B Postnr: 6800)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 08-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/ad3e2467-96fb-416d-87bb-3fad5d8397bb
IMPORTAPI