Resepsjonsmedarbeider – Gaupnetunet As
Kontor og økonomi Kontor forvaltning og saksbehandling(3 uker siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 23-05-2024
Deadline: Snarest
Resepsjonsmedarbeider
Har du stor interesse for hotellfag og reiseliv? Då er det deg me ser etter!
Me legg stor vekt på vertskapsrolla og ønskjer at alle våre gjester skal trivast hos oss, med ønskje om å kome att. Derfor er det viktig at du set den gode serviceopplevinga høgt, er framoverlent, kvalitetsbevist og er villig til å stå på. Stillinga går ut på resepsjonsarbeid, booking og kundeservice, du vil også ta del i servering i sommarrestauranten.
Stillinga vil vere på kveldstid og helg, og er dermed ein perfekt jobb ved sidan av studiet. Det vil vere mogleg å variere stillingsprosenten i periodar, med auka stilling gjennom sommarsesongen.
Det er viktig å kunne kommunisere like godt på engelsk som på norsk, gjerne også på tysk eller anna framandspråk.
Relevant utdanning og/eller erfaringsbasert kompetanse frå bransjen vil bli prioritert.
Krav til kompetanse
- Norsk, god muntleg og skriftleg
- Engelsk, god muntleg og skriftleg
Personlige eigenskapar
- Ansvarsbevisst
- Sjølvstendig
- Gode samarbeidsegenskapar
- Gode kommunikasjonsevner
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Gaupnetunet As orgnr: 993524093 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Gaupnetunet er ei familiebedrift som ligg i Luster kommune, inst i Sognefjorden. Reiselivsbedrifta ligg ved nasjonalparkriket, Jotunheimen, Jostedalsbreen og Breheimen najsjonalparkar. Bedrifta består av hotell med 48 senger, hytteutleige med 28 hytter av ulik storleik og standard, campingplass med plass til 50 enheiter og sommarrestaurant med selskapslokaler. |
Webside | https://www.gaupnetunet.no |
Bransje | Kontor og økonomi |
Yrke | Kontor, forvaltning og saksbehandling |
Sted | GAUPNE (Adresse: Rådhusvegen 2 Postnr: 6868) |
Stillingstype | Fast Deltid Antall stillinger: 2 |
Sektor | Privat |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Etter avtale |
Søknadsfrist | Snarest |