Resepsjonsmedarbeider – Gaupnetunet As

Kontor og økonomi Kontor, forvaltning og saksbehandling

(3 weeks ago)

  • GAUPNE
  •  Post Date: 23. May 2024
  •  Expire date: 16. June 2024
Job Description

Published 23-05-2024
Deadline: Snarest

 

Resepsjonsmedarbeider

Har du stor interesse for hotellfag og reiseliv? Då er det deg me ser etter!

Me legg stor vekt på vertskapsrolla og ønskjer at alle våre gjester skal trivast hos oss, med ønskje om å kome att. Derfor er det viktig at du set den gode serviceopplevinga høgt, er framoverlent, kvalitetsbevist og er villig til å stå på. Stillinga går ut på resepsjonsarbeid, booking og kundeservice, du vil også ta del i servering i sommarrestauranten.

Stillinga vil vere på kveldstid og helg, og er dermed ein perfekt jobb ved sidan av studiet. Det vil vere mogleg å variere stillingsprosenten i periodar, med auka stilling gjennom sommarsesongen.

Det er viktig å kunne kommunisere like godt på engelsk som på norsk, gjerne også på tysk eller anna framandspråk.

Relevant utdanning og/eller erfaringsbasert kompetanse frå bransjen vil bli prioritert.

Krav til kompetanse

  • Norsk, god muntleg og skriftleg
  • Engelsk, god muntleg og skriftleg

Personlige eigenskapar

  • Ansvarsbevisst
  • Sjølvstendig
  • Gode samarbeidsegenskapar
  • Gode kommunikasjonsevner

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Gaupnetunet As orgnr: 993524093
Kort om arbeidsgiver

Gaupnetunet er ei familiebedrift som ligg i Luster kommune, inst i Sognefjorden. Reiselivsbedrifta ligg ved nasjonalparkriket, Jotunheimen, Jostedalsbreen og Breheimen najsjonalparkar. Bedrifta består av hotell med 48 senger, hytteutleige med 28 hytter av ulik storleik og standard, campingplass med plass til 50 enheiter og sommarrestaurant med selskapslokaler.

Webside https://www.gaupnetunet.no
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Kontor, forvaltning og saksbehandling
Sted GAUPNE (Adresse: Rådhusvegen 2 Postnr: 6868)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 2
Sektor Privat
Krav Unknown
Tiltredelse Etter avtale
Søknadsfrist Snarest


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/67099713-ef53-482d-aff1-8e76110edb4c
Stillingsregistrering