Stillingsbeskrivelse

Published 07-05-2024
Deadline: 23-05-2024

 

Seksjonsleiar ved Øyane DPS, allmennpsykiatrisk poliklinikk 1

Har du lyst til å ta leiaransvar og bidra til å utvikle psykisk helsevern vidare?  Øyane DPS har ledig stilling som seksjonsleiar for allmennpsykiatrisk
poliklinikk 1. 
Startdato etter nærare avtale.

Øyane DPS er eit av tre DPS knytt til Divisjon psykisk helsevern ved Haukeland universitetssjukehus. Klinikken er lokalisert i bynære omgjevnadar om lag femten minuttars køyring frå Bergen sentrum.

Klinikken har sektoransvar for Askøy og Øygarden med om lag 51 000 innbyggjarar over 18 år. Øyane DPS har ca. 130 tilsette; legar, psykologar, sjukepleiarar/vernepleiarar, assistentar samt merkantil personale.

Vi har som mål at vi til ei kvar tid tilbyr pasientane våre den aller beste behandling og oppfølging. For å lukkast med dette satsar vi på vidareutvikling av pasienten si helseteneste, kvalitetsarbeid, pasientsikkerheit, forsking og systematisk fagleg utvikling. Vi legg stor vekt på samarbeid med kommunane for at vi sammen skal tilby gode, koordinerte tenester til innbyggjarane.

Gjennom programmet Samskaping i Vest  har vi fleire utviklingsprosjekt under arbeid. 

Øyane DPS har følgjande seksjonar:

  • To allmennpsykiatriske poliklinikkar, inkludert vårt akutteam
  • Allmenn døgnseksjon med 8 senger
  • Psykosepoliklinikken/FACT  
  • Psykose døgnseksjon med 8 senger

Seksjonsleiarstillinga er knytt til allmennpsykiatrisk poliklinikk 1. Seksjonen har mange og engasjerte behandlarar; psykiatarar, psykologspesialistar, psykologar, sjukepleiarar og sosionom. Vi har regelmessige sosiale aktivitetar og prioriterar arbeidsmiljøet. 

Saman med dei andre seksjonsleiarane vil du vere med å vidareutvikle det polikliniske tilbodet ved DPS.

Velkommen til allmennpsykiatrisk poliklinikk – her kan du sjå introduksjonsvideo om oss.

Arbeidsoppgåver

  • Vere fagleg og administrativ leiar for seksjonen, med personalansvar for alle medarbeidarar
  • Budsjett- og resultatansvar
  • Tilrettelegging av samarbeid med andre seksjonar ved Øyane DPS og kommunane
  • Bidra til at den faglege verksemda ved avdelinga er av høg fagleg kvalitet og vert drive på ein forsvarleg, kvalitetssikra og effektiv måte
  • Sørgje for planlegging og gjennomføring av prioriterte utviklings- og forskingsprosjekt
  • Delta i klinikken si leiargruppe
  • Noko pasientoppfølging kan vere aktuelt om ønskjeleg

Du har

  • Norsk autorisasjon
  • Godkjend spesialist i klinisk psykologi eller psykiatri
  • Relevant erfaring
  • Særskild kompetanse vil bli lagt vekt på
  • Det vil bli lagt vekt på personleg egnethet
  • Søkjarar må meistre norsk svært godt, både munnleg og skriftleg

Du er/har

  • Eit positivt bidrag til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • God fagleg vurderingsevne og er strukturert
  • Evne til å skape tillit og gode relasjonar
  • Evne til å vere målretta, og får oppgåvene gjort
  • Sjølvstende og tryggheit i arbeidet
  • Initiativ og er løysingsorientert

Vi tilbyr

  • Lønn etter avtale
  • Fagleg utvikling og høve til spissing av kompetanse
  • Spennande utviklingsoppgåver

Mangfaldserklæring
Vi ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Liv Åse Dybdal, Klinikkdirektør, 56326600

Arbeidsstad

Blombakkane 75
5353 STRAUME

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen

Referansenr.: 4812067958
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.05.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Øyane distriktspsykiatriske senter/ Øyane allmenpsykiatriske poliklinikk 1, Helse Bergen orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Webside www.helse-bergen.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Leder innenfor helsetjenester
Sted STRAUME (Adresse: Blombakkane 75 Postnr: 5353)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 23-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/251b5a17-0c77-4ed4-86dd-6fe80cac310a
IMPORTAPI