Stillingsbeskrivelse

Published 28-04-2024
Deadline: 19-05-2024

 

Sokneprest i Sunnfjord prosti med sokna Ålhus og Helgheim (Jølster) som tenestestad

Vi har ledig stilling som sokneprest i Jølster med tenestestad i Ålhus og Helgheim sokn. Jølster er ei kulturbygd midt i Sunnfjord med gode høve for eit innhaldsrikt friluftsliv ved fjord og på fjell. Jølster er ein vakker stad midt i målaren Nikolai Astrup sitt rike. Her er mange lag- og organisasjonar og eit kulturliv med tradisjon.

Vi søkjer ein sokneprest til ei variert og allsidig presteteneste. Vi ynskjer ein som trivst godt med å arbeide med born og unge. Vi ynskjer ein som samarbeider godt med frivillige, som er god til å organiserer og får med seg folk. Vi treng ein prest som trivst med å forkynne evangeliet og gje opplæring i den kristne trua.

Det er to tettstader i Jølster; Skei og Vassenden, som ligg i kvar sin ende av Jølstravatnet. Her er tre kyrkjer: Helgheim, Ålhus og Vassenden. Kyrkjesenteret på Vassenden er ei moderne arbeidskyrkje med kontor, saler og kyrkjerom. Det er trusopplæring på kyrkjesenteret og Skei misjonshus. På Skei er det ei stor speidergruppe KFUK/M.

Det bur 3100 i Jølster og av desse er 80% medlemmer i kyrkja. Det er to sokneråd i Jølster. Det er gode kommunikasjonar og Jølster ligg sentralt i Sogn og Fjordane. E39 og RV5 går gjennom Jølster og avstanden frå Vassenden til regionsenteret i Førde er på berre 20 km. Det gjer at mange pendler til arbeid i Førde. Jølster er ein del av Sunnfjord kyrkjelege fellesråd og Sunnfjord kommune. Kyrkjekontoret er på Vassenden kyrkjesenter. Her arbeider organist i 90%, det er to tilsette i trusopplæring med 20% kvar. Kontortilbodet er felles i heile fellesrådsområdet, men kontorsekretær arbeider nokre dagar i veka i Jølster. Tysdagar er det stabsmøte, tidebøn og lunsj med frivillige på kyrkjesenteret. Dette er ein fast møtestad mellom tilsette og frivillige.

I fellesrådet arbeider det 38 tilsette i om lag 20 årsverk. I tillegg kjem det sju prestar. Prestene i det nye Sunnfjord kyrkjelege fellesråd samarbeidar godt, har faglege møter, hjelper og utfyller kvarandre i oppgåver som det er krevjande å stå åleine om eller når det vert for mykje på same tid.

Prosten er leiar for prestenesta i Sunnfjord prosti.

Målforma i begge sokna er nynorsk. Det er ein fordel å ha førarkort klasse B og disponere bil. 

Det vil bli utarbeida ei offentleg søkjarliste etter offentleglova § 25, jf. kyrkjeordning for Den norske kyrkja § 42. Dersom du ønskjer unnatak for denne, må du grunngje det i søknaden. Søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du ber om unnatak. Grunnlag for handsaming etter personvernforordninga er artikkel 6 nr. 1 bokstav b og artikkel 9 nr. 2 bokstav b og g.

Den som blir tilsett må vise tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest) jf. politiregisterloven § 39 jf. trossamfunnsloven § 20.

Vi ber om at søknad med CV, vitnemål og referansar vert sendt elektronisk via Webcruiter.  

Arbeidsoppgåver

  • Gudstenester og kyrkjelege handlingar
  • Konfirmantundervisning
  • Trusopplæring i lag med trusopplærarar
  • Soknerådsarbeid
  • Stillinga inngår i Den norske kyrkja si ordning for beredskap

Kvalifikasjonar

  • Cand. Theol. Med praktikum eller tilsvarande/master i teologi med praktikum
  • Medlemskap i Den norske kyrkja

Personlege eigenskapar

  • Gode formidlingsevner
  • Erfaring med samarbeid med frivillige
  • Vilje til å bygge eit kyrkjeleg arbeid for alle aldersgrupper
  • Evne og vilje til samarbeid
  • Søkjar må og kunne samarbeide liturgisk med kollegaer uavhengig av kjønn eller teologisk usemje

Vi tilbyr

  • Stillingskode 1555 etter KA sitt tariffområde,
  • Pensjonsinnskot i Statens pensjonskasse.
  • Reiseutgifter godtgjort etter gjeldande regulativ.
  • Til løna kjem særskilde regulativmessige godtgjersler.
  • Arbeidsvegleiing (ABV).

Kontaktinformasjon

Knut Magne Nesse, Prost i Sunnfjord, 91713275
Therese Nesse Mokkelbost, HR-sjef i Bjørgvin bispedøme, 93612276

Arbeidsstad

6847 Vassenden

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Den norske kirke

Referansenr.: 4807524738
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.05.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Den norske kirke, Bjørgvin bispedøme orgnr:
Kort om arbeidsgiver
Webside http://www.kirken.no
Bransje Kultur og kreative yrker
Yrke Religiøst arbeid
Sted VASSENDEN (Adresse: Postnr: 6847)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 19-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/53de19d3-b546-4bed-a29b-bb5657314746
IMPORTAPI