100% fast stilling som vernepleiar, f.t. ved Hamretunet – Open omsorg indre, Bremanger kommune
Health and social care Health(3 weeks ago)
Job Description
Published 16-04-2024
Deadline: 12-05-2024
100% fast stilling som vernepleiar, f.t. ved Hamretunet
I Bremanger kommune, for tida ved tenestene for menneske med nedsett funksjonsevne avd. Hamretunet i Open omsorg indre, er det ledig ei 100% fast stilling som vernepleiar. Vi arbeider i årsturnus kor ein kan ynskje seg m.a. langvakter. Medarbeidarane har anledning til å få innverke på arbeid -og fritida si.
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer etter deg som er utdanna vernepleiar eller har anna høgskuleutdanning innan helse og sosialfag på bachelor nivå.
- Like å arbeide i team
- Vere innstilt på endringar
- Legge fram politiattest av nyare dato
- Må beherske norsk godt både skriftleg og munnleg
- Du har førerkort kl. B.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer motiverte, fagleg engasjerte, sjølvstendige og interesserte medarbeidarar. For oss er det viktig at du trivast med menneske, og at du ønskjer å bruke faget ditt til det beste for våre brukarar. Arbeidet inneheld også å rettleie, hjelpe til i pleie – og til ivareta dei daglege funksjonane til brukarane. Sidan miljøarbeid er ein viktig del av arbeidet, er det viktig at du likar å vere aktiv og engasjerar deg i arbeidet med brukarane.
Serviceinnstilling og personleg egnaheit vert vektlagt.
Vi tilbyr
- Gode kollegaer med godt humør og stå-på vilje
- Utfordrande og spanande arbeidsoppgåver
- I påska 2022 flytta brukarane og dei tilsette inn i heilt nye lokaler
- God pensjonsordning og heildøgns forsikring
- Gode moglegheiter for vidareutdanning, fagleg og personleg utvikling
- Hjelp til å skaffe bustad og barnehageplass
Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegear!
Ring oss gjerne for en prat, så fortel vi meir!
Kontaktinformasjon
Hilde Gretha Hauge, Driftssjef open omsorg indre, +47 95989310
Arbeidsstad
Svelgen Panorama 1
6723 Svelgen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bremanger kommune
Referansenr.: 4801604786
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.05.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Open omsorg indre, Bremanger kommune orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Bremanger kommune er ein kystkommune i Vestland fylke med ca. 3.500 innbyggjarar. Kommunen har full barnehagedekning, trygge oppvekstvilkår og eit rikt kulturliv.
|
Webside | http://bremanger.kommune.no |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Helse |
Sted | SVELGEN (Adresse: Svelgen Panorama 1 Postnr: 6723) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | |
Krav | Norskkunnskaper |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 12-05-2024 |