2. gongs utlysing – Fjaler kommune Fjaler sjukeheim

Reiseliv og mat Kokk

(2 weeks ago)

Job Description

Published 18-04-2024
Deadline: 05-05-2024

 

2. gongs utlysing

Vi har ledig eit 100 % vikariat som kokk på kjøkkenet på Fjaler sjukeheim frå snarast og eit år fram i tid. På kjøkkenet produserer vi heimelaga, næringsrik tradisjonsmat, supper og dessertar etter kok/kjøl- kok/server- og sous vide- prinsippet. No ser vi etter ein positiv og fleksibel kokk som vil jobbe med oss eit år medan ein av våre tilsette har permisjon for å jobbe med andre oppgåver i kommunen.

Fjaler sjukeheim har eige og godt utstyrt institusjonskjøkken i underetasjen på helsetunet. Hos oss har vi tre faste stillingar. Det blir servert 4 hovudmåltid kvar dag, og i tillegg blir det servert mellommåltid.

Maten frå kjøkkenet ved sjukeheimen er laga utifrå anbefalte retningslinjer frå Helsedirektoratet, og vi legg til rette for diettar og ulike typar ønskekost når bebuarane har behov for det. Forutan mat til bebuarane, så produserer kjøkkenet mat til heimebuande etter kok/kjøl- prinsippet. Denne blir levert til heimebuande to gongar i veka. Arbeidstida i stillinga er vekedagar mellom 07.00- 14.30, og som tilsett på kjøkkenet har ein fri alle heilagdagar.

Ta gjerne kontakt for meir informasjon om stillinga, vi håpar å høyre frå deg.

Arbeidsoppgåver

  • Produksjon av middag, lunsj, dessert og diettar
  • Ansvar for å følgje dei rutinar i IK- Matsystem som gjeld eige område

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som kokk eller institusjonskokk.
  • Søkjarar som har erfaring med liknande arbeid utan fagbrev vil og bli vurdert

Personlege eigenskapar

  • Strukturert og effektiv
  • Sjølvstendig
  • Positiv
  • Fleksibel
  • God på kommunikasjon og samarbeid

Vi tilbyr

  • Garantiløn etter tariff
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Introduksjonsprogram for nye tilsette
  • Ein meiningsfull arbeidskvardag saman med trivelege kollegaer

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg.
Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å
trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.

 

 

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Fjaler kommune Fjaler sjukeheim orgnr:
Kort om arbeidsgiver Fjaler sjukeheim har totalt 36 plasser fordelt på 3 avdelingar. Av desse er 13 langtidsplasser, 8 plasser på skjerma eining og 14 plasser på korttid/rehabiliteringsavdeling. Tilsynslege er tilknytt sjukeheimen med legevisitt 2 dagar per veke. Vi har og tverrfagleg samarbeid med ergo-/fysioterapitenesta som ligg i same bygg.

Sjukeheimen har eige institusjonskjøkken, som lager mat etter kok/kjøl prinsippet. Vi har eige dagsenter for bebuarane våre, samt for heimebuande som kjem på dagopphald for sosialt samvær, aktivitet og måltid. Dagsenteret er bemanna med eigen aktivitør.

Det er oppretta ressursgrupper på tvers av einingane i kommunen innan ulike tema som rehabilitering, kreft, velferdsteknologi og demens. Dette for å få ytterlegare kompetanse innan dei ulike fagfelta.

Webside
Bransje Reiseliv og mat
Yrke Kokk
Sted DALE I SUNNFJORD (Adresse: Dalsvegen 81 Postnr: 6963)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 05-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/16d1fab3-19db-4c01-857c-0460adbe6b76
IMPORTAPI