Job Description

Published 23-04-2024
Deadline: 31-05-2024

 

2 stillingar à 100% som barne- og ungdomsarbeidar / assistent ved Eitrheimsvågen barnehage

Fast 2 stk 100% faste stillingar som barne- og ungdomsarbeider/Assistent frå 01.08.2024. 

 

Eitrheimsvågen barnehage

 

Eitrheimsvågen barnehage har 96 plassar fordelt på 5 avdelingar. Barnehagen ligg på Eitrheim i Odda og har fine naturområder i nærleiken som barnehagen kan nytta seg av. Vi har og eit stort uteareal til leik og flotte aktivitetar.

Barnehagen jobbar med å skape eit inkluderande barnehagemiljø. Vi ynskjer å laga trygge kvardagar for små og store gjennom relasjonsbygging i dei daglege aktivitetane og skapa gode rom for leik og vennskap.

 

Arbeidsoppgåver:

 

  • Barne-og ungd./assistent har medansvar for tilrettelegging av omsorg, aktivitet og leik for barn/barnegruppe. 

 

Ynskte kvalifikasjonar:

  • Skriftleg og mundleg norskkunnskap

  • Fagbrev som barne-og ungdomsarbeidar, samt erfaring frå barnehage vert vektlagt

Personlege eigenskapar:

  • Positiv, imøtekomande og er ein engasjert, deltakande vaksen

  • Er sjølvstendig og autoritativ

  • Glad i arbeid med barn, evne til å skape gode relasjonar og samarbeide

  • Har godt humør og medverkar til å skape eit godt arbeidsmiljø

 

Me/vi tilbyr:

  • Varierte arbeidsoppgåver

  • Løn etter hovudtariffavtalen

  • Gode moglegheiter for kompetanseheving med stønad frå kommunen

  • Inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.

 

Krav:

  • Politiattest

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Ullensvang kommune Eitrheimsvågen barnehage orgnr:
Kort om arbeidsgiver – ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger.

Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder.

Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget.
Tar du utfordringa ?

Lenkjetekst
Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa

Lenkje
https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49

Webside
Bransje Utdanning
Yrke Barnehage
Sted ODDA (Adresse: Opheimsgata 31 Postnr: 5750)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 2
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 31-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/6d000cfd-1322-41dd-a93f-027fffa9a156
IMPORTAPI