Job Description

Published 29-04-2024
Deadline: 19-05-2024

 

Aktivitetsleiar – vikariat

Sogndal DPS/Indre Sogn psykiatrisenter ved døgnavdelingen har ledig vikariat som Aktivitetsleiar frå 02.09.2024 til 31.08.2025 (fleksibel oppstartdato)

Indre Sogn psykiatrisenter er eit moderne DPS i Sogndal. Vi er delt inn i seksjon Dag og Døgn. Seksjon Døgn består av sengepost med 13 sengeplassar og ambulant team. Seksjon Dag har mellom anna generell psykiatrisk poliklinikk, TSB team og alderspsykiatrisk team.

Døgnavdelingen består av eit tverrfagleg og dynamisk arbeidsmiljø, der pasientbehandling er i fokus. Vi har døgndrift, med vakter både dag, kveld og natt. Aktivitet er ein viktig del av det miljøterapeutiske tilbodet vårt og vi søker etter vikar for vår faste aktivitetsleiar. 

Vi held til i vekstkommunen Sogndal, med mange og varierte arbeidsplassar. Kommunen er også kjent for sine bratte fjell og unike natur som er skapt for friluftsliv.

Meir om Sogn som plass å arbeide og busetje seg kan du lese om på  https://www.sogn.no/

Arbeidsoppgåver

  • Du vil delta i eit tverrfagleg samarbeid for å gje pasientar best mogleg behandling
  • Planlegging og gjennomføring av aktivitetar både individuelt og i grupper – alt etter behov og funksjonsevne
  • Delta på aktuelle møter
  • Samarbeide med behandlingsansvarleg og behandlingteamet om opplegg og intensitet i høve
    den einskilde pasient
  • Miljøterapi
  • Relasjonsarbeid
  • Det kan bli aktuelt med ein til to seinvakter i veka

Kvalifikasjonar

  • Relevant 3-årig Høgskule-/universitetsutdanning
  • Formell og praktisk erfaring frå arbeid med sunne levevanar og helsefremjande livsstil
  • Erfaring innan psykisk helsearbeid
  • Førarkort kl B
  • Søkjar må kunne kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du bidreg positivt til eit fagleg og sosialt godt miljø
  • Du kommuniserer godt, og har evne til å motivere og skape tryggleik
  • Du er positiv, oppfinnsam, kreativ, praktisk, strukturert og løysingsorientert
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Sigrid Snitjer, Seksjonsleiar , 576 27 543
Øyvin Helge Myrmel, Avdelingssjef, 415 30 396

Arbeidsstad

Dalavegen 29
 Sogndal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde

Referansenr.: 4807229339
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 02.09.2024
Sluttdato: 31.08.2025
Søknadsfrist: 20.05.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver ISP Døgn, Helse Førde orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønskjer å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Webside https://www.helse-forde.no/
Bransje Salg og service
Yrke Personlig tjenesteyting
Sted SOGNDAL (Adresse: Dalavegen 29 Postnr: 6856)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse 02-09-2024
Søknadsfrist 19-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/5199d595-95e1-496f-825a-6d726677d936
IMPORTAPI