Job Description

Published 05-04-2024
Deadline: 30-04-2024

 

Apotekar til Sjukehusapoteket i Haugesund

Sjukehusapoteka Vest HF (SAV) er eitt av fem sjølvstendige helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Dei fem sjukehusapoteka våre er tilknytta dei største sjukehusa i regionen og skal sørgje for at sjukehus og pasientar i Vestland og Rogaland vert sikra legemiddel og tenester med høg farmasifagleg kompetanse. Arbeidet vårt er fordelt på fire verksemdsområde: publikumsapotek, produksjon, sjukehusekspedisjon og farmasøytiske tenester. Ved Sjukehusapoteket i Haugesund (SiH) er det ein avdelingsleiar for kvart av desse forretningsområda, saman med apotekar utgjer desse leiargruppa til apoteket.
Det er om lag 40 tilsette ved apoteket i dag. Apoteket er inne i ein spennande periode med å etablere eit anlegg for å pakke om tablettar og kapslar til eindose som skal ut til sjukehusa i heile Helse Vest. 
 
Vår mangeårige og dyktige apotekar har søkt nye utfordringar, og vi ser etter hennar etterfølgar. Her får du ei unik moglegheit til å leie og vidareutvikle eit stort, variert og spennande apotek i tett samarbeid med medarbeidarar og andre leiarar – og du får ei nøkkelrolle i arbeidet med å sikre trygge og gode apotektenester til sjukehus og pasientar i Helse Fonna. Du blir også ein viktig bidragsytar i SAV si toppleiargruppe, og leiaren din blir administrerande direktør.  

Arbeidsoppgåver

Øvste leiar for apoteket med personal-, økonomi- og fagleg ansvar for apoteket si drift og utvikling innanfor rammene til SAV.                                                                             Følgje opp og utvikle vidare samarbeid med Helse Fonna.                                                                                                                                                                                             
Ansvar for å utvikle og sikre tenestetilbod på dei fire verksemdsområda.                                                                                                                                                                Overordna ansvar for vidare oppfølging av anlegg for ompakking av tablettar og kapslar til eindose. 

Kvalifikasjonar

Vi treng deg som har erfaring frå, trivst i og har forståing for leiarrolla i apotek.                                                                                                                                                                
Du har master i farmasi og fyller krava til å få driftskonsesjon for apotek. 

Personlege eigenskapar

Du likar leiing og er genuint opptatt av å utvikle eiga leiargruppe og eigne leiarar innanfor gjeldande fullmakter.                                                                                                           Du er opptatt av fagleg utvikling og interessert i og nysgjerrig på fleire delar av farmasifaget.                                                                                                                                          Du fremjar samarbeid og bidreg til trivsel og eit godt arbeidsmiljø.                                                                                                                                                                                        Du klarer å vere pragmatisk og handtere komplekse og pressa situasjonar.    

Vi tilbyr

ei leiande rolle i eit dynamisk, stort og inspirerande fagmiljø, med eit viktig samfunnsoppdrag i botn                                                                                                                                gode moglegheiter for å utvikle deg fagleg og som leiar 
støttande og samarbeidsvillige leiarkollegaer                                                                                                                                                                                                                              løn etter avtale 
 

Ver venleg å laste opp attestar, vitnemål og eventuell anna relevant dokumentasjon i søknaden.

 

Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Tonje Folkvang, Administrerende direktør, +47 91144639

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 Haugesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sjukehusapoteka Vest

Referansenr.: 4793716003
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.04.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Sjukehusapoteka Vest orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Sjukehusapoteka Vest (SAV) er eit helseføretak i Helse Vest med om lag 350 tilsette som leverer legemiddel, apotekvarer og farmasifaglege tenester til spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Omsetning er på vel 1,5 milliardar kroner. Føretaket har administrasjon i Bergen, og driv fem sjukehusapotek i Førde, Bergen, Haugesund og Stavanger. Sjukehusapoteka Vest satsar på nye teknologiske løysingar og på tenester som bidreg til auka pasienttryggleik, betra kvalitet og meir effektive tenester i sjukehusa.

Sjukehusapoteka Vest HF skal så langt råd er avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sjå nettsida vår for meir informasjon www.sjukehusapoteka-vest.no

Webside https://www.sjukehusapoteka-vest.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Farmasøytisk og apotekerarbeid
Sted HAUGESUND (Adresse: Karmsundgata 120 Postnr: 5528)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 30-04-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/ea883422-3a11-4277-8469-f7788ef8acc3
IMPORTAPI