Job Description

Published 01-05-2024
Deadline: 20-05-2024

 

Assistent

Sunnylven skule ligg i tettstaden Hellesylt i Stranda kommune. Skulen er ein 1. – 10. skule med SFO ordning og har frå hausten ca 60 elevar og omlag 8 årsverk knytt til undervisning. Skulen er nyleg rehabilitert og framstår som ny og moderne. 

Vi har ledig 41,2 % fast stilling som assistent i skule og SFO frå 01.08.24. Stillinga er p.t. lagt til måndag, tysdag og onsdag. 

Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot. Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på Søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort.]f. Offentleglova § 25. Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato

 

Arbeidsoppgåver

  •  Assistentoppgåver i skule og SFO
  •  Inspeksjon i friminutt

Kvalifikasjonar

  • Barne og ungdomsarbeidar, andre kan bli aktuelle 
  • Erfaring frå arbeid med born i skule eller barnehage

Personlege eigenskapar

  • Fungere godt saman med born og samarbeide med kollegiet på skulen
  • Å kunne sette tydelege grenser
  • Planlegge og leie aktivitetar saman med born i aldersgruppa 6- 10 år
  • Ryddig og strukturert
  • Kommunisere godt med både born og voksne

Vi tilbyr

 

  • Du får vere med påverke din eigen arbeidskvardag, fagleg og sosialt
  • Nyrenovert skulebygg 
  • Godt arbeidsmiljø og trivelege kollegaer

 I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg
tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i
10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer fra den
dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og
etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du
medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og
spareprodukter.  

Offentleg tenestepensjon for nytilsette 

Kontaktinformasjon

Liv Norun Langeland Runde, Einingsleiar

Arbeidsstad

Hellesyltvegen 56
6218 Hellesylt

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stranda kommune

Referansenr.: 4809024773
Stillingsprosent: 41,2%
Fast
Startdato: 01.08.2024
Søknadsfrist: 17.05.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Sunnylven skule, Stranda kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca. 4.400 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og  treningssenter.

Til å vere stolt av er kommunen sin visjon. Verdiar som omsorg, openheit, samhandling og engasjement skal danne grunnlaget for vår organisasjonskultur. Les meir om Stranda og dei kommunale tenestilboda.

Webside https://www.stranda.kommune.no
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted HELLESYLT (Adresse: Hellesyltvegen 56 Postnr: 6218)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse 01-08-2024
Søknadsfrist 20-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/abfcd98f-aeae-45bf-b14d-f02a272616b8
IMPORTAPI