Job Description

Published 21-04-2024
Deadline: 08-05-2024

 

Assisterande rektor Volda ungdomsskule

Ved Volda ungdomsskule er det frå 01.08.2024 ledig 100 % stilling som assisterande rektor. Volda ungdomsskule har omlag 320 elevar, fordelt på 3 trinn og fire parallellar og kring 55 tilsette. Ressursen for leiing er fordelt på rektor og to likestilte assisterande rektorar. I tillegg har skulen andre administrative ressursar, mellom anna merkantil stilling som p.t er 80%.

Volda ungdomsskule er ein praksisskule med eit sterkt og tradisjonsrikt samarbeid med Høgskulen i Volda. Stillinga har 90% tid avsett til leing/administrasjon, medan 10% er avsett til undervisning (td. vikartimar). Stillinga vil også ha eit sjølvstendig personalansvar. 

Volda kommune har sju grunnskular. Rektorar og assisterande rektorar er med i leiaropplæring og har eit leiarforum med møte kvar månad. Volda samarbeider og i høve leiaropplæring med andre kommunar på Søre-Sunnmøre gjennom Sjustjernasamarbeidet.
Saman med barnevern, helsestasjon, barnehage, vaksenopplæring og kulturskule, er grunnskuledrifta ein del av sektor oppvekst i Volda kommune.

Arbeidsoppgåver

Visjonen til sektor oppvekst er at “Volda kommune har trygge barn, unge og vaksne som deltek, meistrar og lærer” . Visjonen skal vere ei inspirasjonskjelde for alle tilsette i sektoren. For å kunne strekke oss mot visjonen treng vi trygge, tilgjengelege og kompetente tilsette som er til støtte for barn og ungdom i utviklingsprosessen. Dei tilsette må ha rett kompetanse, vere stabile, tydelege og venlege. Dei må kunne bidra til eit anerkjennande miljø som gir grobotn for vekst og utvikling for elevane. I alt vårt arbeid mellom barn og unge skal vi arbeide førebyggande for å fremje godt psykososialt miljø, ha ein helsefremjande funksjon og bidra til å jamne ut sosiale skilnader. Alle barn, unge og vaksne skal oppleve tryggleik og sosialt tilhøyr. Alle våre barn og unge skal ha like mogelegheiter til å utvikle evnene sine.

Sektor for opplæring og oppvekst er ein lærande organisasjon der erfaringsdeling og kunnskaps- og ferdigheitsutvikling har fokus. I alle einingane arbeider vi med å ta i vare og vidareutvikle gode læringsmiljø som sikrar elevane ei god psykisk og fysisk helse, og i botn for dette arbeidet ligg ei forventning om god relasjonskompetanse hjå våre tilsette. I Voldaskulen er vi inne i ulike satsingar, som og vert vidareført. Mellom satsingsområda er lesing og eit trygt og godt læringsmiljø. Elevane på ungdomstrinna i kommunen har eigen Chromebook til bruk i læringsarbeidet. Å ha kompetanse og erfaring i å drive utviklingsarbeid i ein lærande organisasjon er ein fordel. Vi søker etter ein person som kan vere med å leie skulen mot våre mål. 

Assisterande rektor er rektor sin stedfortredar. Assisterande rektor skal i sitt arbeid samarbeide og samhandle med skulen si leiargruppe for å sikre at skulen vert drive etter gjeldande lov -og avtaleverk og kommunale vedtak for verksemda. Ein skal vidare assistere rektor i å gjere vedtak i saker som etter lov- og delegeringsfullmakter er lagt til rektor.

Volda ungdomsskule er ein stor organisasjon med mange tilsette. Difor vil ein jobbe med organisasjonsutvikling i tida framover, særleg i høve personalansvar, men også på andre område. Assisterande rektor har eige personalansvar og må vere budd på å bidra i naudsynte prosessar kring dette arbeidet tilsvarande andre utviklingsprosessar i ein organisasjon. 

Assisterande rektor skal ta i vare funksjonar knytt til personalleiing og fagleg -og administrativ leiing ved skulen. Funksjonane kan ein i korte trekk omtale slik:
 * personalansvar
 * medansvar for pedagogisk planlegging og utviklingsarbeid
 * medansvar for samarbeid skule – heim
 * medansvar for samarbeid med andre instansar
 * medansvar for budsjett – og økonomiarbeid, og arbeid med internkontroll
 * medansvar for å rettleie og følgje opp dei tilsette
 * medansvar for å organisere den daglege drifta
 * ansvar for bibliotek, kontakt mot Sunnmørsheimen, rettleiing av nyutdanna mm kan og vere aktuelle oppgåver. 

Rektor har ansvar for å fastsette arbeidsfordelinga mellom seg og assisterande rektorar. 

Kvalifikasjonar

* godkjent pedagogisk utdanning, formell undervisningskompetanse og praksis frå grunnskulen
* god kjennskap til relevante lov- og avtaleverk
* gjennomført skuleleiarutdanning, eller forplikte seg på å gjennomføre dette
* god digital kompetanse

Personlege eigenskapar

* god relasjonskompetanse
* strukturert og evne å gjere gode prioriteringar
* fleksibel
* sjølvstendig og evne til å kunne ta initiativ
* gode samarbeidsevne
* utviklingsorientert
* eit positivt elevsyn

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Aktuelle søkararar vert kalla inn til intervju. Referansar kan bli kontakta etter intervju.

Vi tilbyr

Løn og pensjon etter gjeldande vilkår.

– Ei spanande og utfordrande stilling med høve til å prege skulen
– Deltaking i kommunalt nettverk
– Høve til etterutdanning/fagleg oppdatering
– Eit utviklingsorientert arbeidsmiljø
– God pensjonsordning med lånemogelegheiter
– Løn etter avtale

Stillinga er plassert i HTA kap. 4

Kommunen nyttar nynorsk som målform. CV må fyllast ut i søknaden.
Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju. Det er avsett tid til intervju 15. og 16. mai
Referansar vil verte nytta. Ved intervju skal det leggast fram rettkjende kopiar av vitnemål og attestar.

Den som vert tilsett må legge fram gyldig politiattest.

Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som kjem fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement. Utanlandske borgarar må legge fram dokumentasjon på lovleg opphald og arbeidsløyve i Noreg
Prøvetida er 6 mnd.
Om offentlege søkjarliste
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjar bli unnateke i offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv bed om det. Søkjarar som ønskjer at namn skal vere unnateke offentleg søkjarliste, skal grunngje dette. Kommunen er pliktig til å vurdere meiroffentlegheit og vi gjer ei konkret vurdering av søkjar sitt ønskje om fritak – opp mot dei omsyn som talar for offentlegheit. Om kommunen meiner at grunngjevinga for fritak ikkje er tilstrekkeleg, vil søkjar bli kontakta slik at det er mogleg å trekkje søknaden før endeleg søkarliste blir laga.      

Kontaktinformasjon

Per Ivar Kongsvik, Kommunalsjef, 90 53 67 57, per.ivar.kongsvik@volda.kommune.no
Håvard Strand, Konst. avdelingsleiar skule, 70058874, havard.strand@volda.kommune.no

Arbeidsstad

Stormyra 2
6100 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Volda kommune

Referansenr.: 4802531864
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.05.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Volda kommune, Avdeling skule orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Volda kommune er den største kommunen på Søre Sunnmøre og den femte største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med i underkant av 11.000 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane og eit stort utval av turløyper som passar heile familien.

I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit. Med eit yrande student- og kultuliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar ein kan engasjere seg i.

Det er om lag 1.000 engasjerte tilsette i kommuneorganisasjonen som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane i kommunen. Om du også ønsker å ha ein meiningsfylt og spennande arbeidskvardag, oppmoda vi deg til å søke på stillingane kommunen lyser ut.

Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!

Webside http://www.volda.kommune.no
Bransje Utdanning
Yrke Ledere av undervisning og utdanning
Sted VOLDA (Adresse: Stormyra 2 Postnr: 6100)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 08-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/bb40481d-0a52-45c7-bd5c-af099c02112f
IMPORTAPI