Job Description

Published 05-05-2024
Deadline: 26-05-2024

 

Assisterande seksjonsleiar

Medisinsk sengepost har 30 sengeplassar og tek imot pasientar med eit stort spekter av diagnosar. Dette er ein arbeidsplass med god breidde i kompetanse.

Vi søkjer etter ny asssisterande seksjonsleiar.

Assisterande seksjonsleiar er tilleggsfunksjon knytt til fast 100% stilling som sjukepleiar med eit økonomisk funksjonstillegg.

Du finn Volda midt i det beste Noreg kan tilby av fjord og fjell. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane  med alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi tilbyr også eit særs blomstrande kultur og idrettsliv og eit attraktivt studiemiljø ved Høgskulen i Volda. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Oslo og Bergen frå Ørsta/Volda lufthamn. Sjå meir om Volda her: https://youtube.com/watch?v=FHDuVf1TpYY og her: https://youtube.com/watch?v=NGSg6xygovY

 

Vitnemål, attestar og tenestebevis må lastast opp som vedlegg til søknad/CV.

Arbeidsoppgåver

  • Assisterande seksjonsleiar skal avlaste og vere stadfortredar for seksjonsleiar
  • Arbeid på dagtid og kvar tredje helg
  • Delegerte oppgåver er:
    • stedfortredar for seksjonsleiar
    • turnusarbeid
    • kvalitetsarbeid/kvalitetsråd
    • kompetanseplanar
    • oppfølgjing av studentar

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar
  • Søkjarar med annan relevant høgskuleutdanning kan bli vurdert
  • Leiarkompetanse og/eller leiarerfaring er ønskjeleg
  • Personlege eigenskapar vert vektlagde

Personlege eigenskapar

  • Du er engasjert og motivert for leiaroppgåver
  • Du har gode samarbeidsevner internt og eksternt i eit tverrfagleg miljø
  • Du har evne til heilskapleg tenking

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Camilla Aam Nupen, Seksjonsleiar, 47617905, camilla.aam.nupen@helse-mr.no

Arbeidssted

Kløvertunvegen 1
6100 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 4809235362
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.05.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Medisinsk sengepost Volda, Helse Møre og Romsdal HF orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal  er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 

 

Webside http://www.helse-mr.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Leder innenfor helsetjenester
Sted VOLDA (Adresse: Kløvertunvegen 1 Postnr: 6100)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 26-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/a5996a5c-b1cb-4efc-8f14-1884fa7f0848
IMPORTAPI