Job Description

Published 28-04-2024
Deadline: 19-05-2024

 

Assisterende avdelingsleder demensavdeling

Me har ledig ei nyoppretta prosjektstilling som assisterande avdelingsleiar på vår Demensavdeling på Sivdamheimen. Me ønsker ein leiar som har et brennande engasjement for demensomsorg, som trives med å ta ansvar og ha varierte oppgaver. 

Oppstart i stillinga ca 15.august 2024 med varighet til februar 2026

Sivdamheimen ligg i Bryne sentrum og har kort avstand til buss-/togstasjon. Avdelinga har tre fløyar med sju pasientar på kvar fløy og Vibå dagsenter med 15 plassar.

Me jobber aktivt for å kunne gje pasientane våre ein tilrettelagt kvardag med best mogleg livskvalitet. 

 
Du får arbeida i eit tverrfagleg miljø, med fokus på nytenking, kvalitet, brukarmedverknad. Me er ein fin gjeng med høg kompetanse og ein god dose humor og galskap!
Institusjon i Time kommune har eigen fagutviklar som har fokus på kompetanse, pasientsikkerheit og kvalitet og me har eit tett samarbeid med demenskoordinator.

Arbeidsoppgåver

– Personal- og driftsansvar for Vibå dagsenter
– Turnusarbeid og innleie
– Rekruttering
– Ansvar for VIPS møter
– Følge opp kvalitetsavvik
– Følge opp retningslinjer og rutiner i avdelinga
– Oppfølging internkontroll og sjekklister ift dokumentasjon i Profil
– Organisering og ivaretaking av nyansatte 
– Organisering av lærlinger og elever som er i utplassering
– Samarbeid med fagansvarleg sjukepleiar i avdelinga
– Innkomstmøter og oppfølging av pårørande
– Stedfortreder for avdelingsleiar

Kvalifikasjonar

– Fortrinnsvis høgskoleutdanning, men dersom sterk fagleg kompetanse kan helsefagarbeiderar bli vurdert for stillinga
– Sterk fagleg kompetanse og erfaring innan fagfeltet.
– Interesse for eller erfaring innan leiing
– Gode datakunnskapar
– Fordel med turnuskunnskap og interesse for nye arbeidstidsordningar
– Det er krav om politiattest  ved tilsetting
– Det vert og lagt  vekt på om du er personleg eigna til stillinga

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt
  • Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
  • Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
  • Du må like utfordringar, vera engasjert, løysingsorientert og ha gode beslutningsevnar
  • Du tar ansvar for eigen utvikling og kan ta til deg ny kunnskap
  • Du må ha gode kommunikasjonsevner
  • Du må vera fleksibel
  • Du må vera positiv og bidra til eit godt arbeidsmiljø og arbeidsglede for dei rundt deg i avdelinga
  • Det er krav om gode norskkunnskapar,  både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen

Vi tilbyr

– Lønn etter tariff/avtale
– Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
– Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling

Kontaktinformasjon

Mari Elise Almås, 93268156

Arbeidsstad

Hognestadvegen 41
4340 Bryne

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Time kommune

Referansenr.: 4794230701
Stillingsprosent: 100%
Anna
Søknadsfrist: 19.05.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Institusjon, Time kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

“Me skal gjera kvarandre gode” er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 19 500 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er rundt 1 500 personar som har Time kommune som sin arbeidsgjevar

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

Webside http://www.time.kommune.no
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Ledelse, administrasjon og rådgivning
Sted BRYNE (Adresse: Hognestadvegen 41 Postnr: 4340)
Stillingstype Engasjement Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 19-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/86eed571-4651-4207-a2c9-de20af850a36
IMPORTAPI