Job Description

Published 22-04-2024
Deadline: 12-05-2024

 

Autorisert sjukepleiar, fleire faste nattstillingar ledige : 89% + 69% + 29%

Heimetenesta i Sula har fleire faste stillingar på natt ledige for autoriserte sjukepleiarar.

Stilling med arbeid kvar 3 helg. Arbeidstid frå 21.45-08.15

*89% utgjer 9 vakter på 3 veker . Arbeidsbolkar på 4 og 5 netter

*69% utgjer 7 vakter på 3 veker . Arbeidsbolkar på 3 og 4 netter, ei veke fri mellom bolkane.

*29% utgjer 3 vakter på 3 veker.   Denne er berre arbeid kvar 3 helg. Natt til mandag kan takas vekk om ein treng å tilpasse anna arbeid/skule på dagtid.

Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat om du lure på om dette kan vere noko for deg.

Oppstart medio juni, men vi kan tilpasse ved behov.

Arbeidsoppgåver

*Nattevaktene går i team på 2 sjukepleiarar, der ein startar og avsluttar vaktene i kvar sin base på indre og ytre Sula. 

* HBO ytre Sula har base i sentrum av Langevåg ved Stadsnesvegen 9b og HBO indre Sula har base ved Nausthaugen, like ved Solevåg fergekai.

*Ekstravakter kan påreknast om ønskeleg.

*Forutan faste oppdrag og utrykningar på alarmar er det sjukepleieoppgåver og evt. oppgåver ved personalbasane 

*Nattevaktene samarbeidar også med andre einingar etter avtale når det er rom for det.  

Kvalifikasjonar

*Autorisasjon som sjukepleiar

*Krav om førarkort og politiattest

*Det krevas datakunnskap og gode kunnskapar i norsk og engelsk, både munnleg og skriftleg.

*Oppgje referanse

Personlege eigenskapar

*Forutan gode faglege kvalifikasjonar ser vi etter positive kollegaer med god framferd.

*Du må vere stabil, pliktoppfyllande ,løysingsorientert og ha gode samarbeidsevne og evne til å arbeide sjølvstendig.

*Du må vere trygg, takle eit hektisk arbeidsmiljø og uførutsette hendingar

*Arbeidet kan vere fysisk krevjande

*Personlege eigenskapar vert vektlagd

Vi tilbyr

*Eit godt arbeidsmiljø, stabile personalgruppe med god fagkunnskap og godt omdøme.

*Opplæring

*Arbeidskle

*Vi nyttar kommunale bilar i tenesta

*Tilsetting på vanlege kommunale vilkår

*Løn etter gjeldande tariff. Frå løna vert det trekt 2%til pensjonsinnskot.

*Gode arbeidslokale og gratis parkering

Kontaktinformasjon

Catharina Klokk Eide, Avdelingsleiar, 47621378, Catharina.Klokk.Eide@sula.kommune.no
Solgunn Eide Dybvik, Avdelingsleiar, +4795710263, Solgunn.Eide.Dybvik@sula.kommune.no
Torunn Veddeng, Einingsleiar, +47 95710262, torunn.veddeng@sula.kommune.no

Arbeidsstad

Sloghaugvegen 13
6030 Langevåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sula kommune

Referansenr.: 4804268066
Stillingsprosent: 89, 69, 29%
Fast
Startdato: 25.06.2024
Søknadsfrist: 12.05.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Heimetenesta, Sula kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver
Webside Sula kommune
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted LANGEVÅG (Adresse: Sloghaugvegen 13 Postnr: 6030)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 3
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 25-06-2024
Søknadsfrist 12-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/b1cb32ed-dfef-4644-8fc3-c9770a4aae48
IMPORTAPI