Avdelingsleiar Bryne skule – Bryne skule, Time kommune

Education Instruktører og pedagoger

(2 weeks ago)

  • BRYNE
  •  Post Date: 16. April 2024
  •  Expire date: 12. May 2024
Job Description

Published 16-04-2024
Deadline: 12-05-2024

 

Avdelingsleiar Bryne skule

Ved Bryne skule er det ledig fast stilling som avdelingsleiar frå 01.08.2024 

Bryne skule er ein flott skule i Bryne sentrum. Skulen er ein ærverdig og tradisjonsrik skule som feira 100 års- jubileum i 2022. Visjonen vår er “Me skal gje elevane lyst på livet og evne til å meistra det”.  

Me er om lag 480 elevar og 75 tilsette. Bryne skule er mottaksskule for alle nyankomne elevar frå 1.-7. trinn i Time kommune. 

Som avdelingsleiar er du ein del av leiarteamet vårt som består av rektor, 3 avdelingsleiarar og SFO-leiar. Å vera leiar hos oss betyr at du blir viktig for det gode laget på skulen. Me har eit særleg fokus på inkludering og trygt og godt læringsmiljø for elevane. Du har ansvar for å leia utvalde trinn på skulen. Stillinga omfattar pr. nå 50 % leiing og 50 % andre oppgåver/undervisning. Desse oppgåvene kan verta justert ved endra behov på skulen.

Du liker å jobba i eit pulserande miljø, kjenneteikna av godt tempo, samtidig som du kan senka skuldrene og bli med på drøsen på personalrommet. I lag med resten av leiarteamet bidrar du til prosessar i personalet som gjev retning og utviklar “vi-kulturen” til det beste for elevane og for dei tilsette. Laget vårt er kjenneteikna av eit kompetent personale med sterk stå på-vilje og masse humor. Du vil garantert kjenna at du lever kvar dag, og du vil mest sannsynleg ikkje gå ut på dato, takka vera ny kunnskap som lærarstudentane frå UiS tek med til skulen vår gjennom praksisordninga.

Det store oppdraget og målet i oppvekst i Time er at elevane skal fullføra vidaregåande opplæring for vidare utdanning og arbeid. Sjølv om det er langt fram til elevane på Bryne skule skal fullføra vidaregåande opplæring, er kvar dag ein god dag for livet her og nå, og eit grunnlag for at elevane skal lukkast når dei går vidare. Formålet i skulen er danning og utdanning, og dette ansvaret kan ingen bæra åleine. På Bryne skule har me eit tverrfagleg team, “Laget rundt læraren og eleven”, som består av sosialrådgjevar, spesialpedagogisk koordinator, operativ sosialfagleg ressursperson, helsesjukepleiar og PPT-kontaktperson. Laget samarbeider tett i arbeidet med førebyggande tiltak, og bistår skulen med å løysa  utfordringar.   

Ein del av læringsarbeidet ved vår skule handlar om å vera med i nettverksgrupper på tvers av kommunane i Jærskulen. Bryne skule er saman med  Varhaug, Hognestad, Orre og Tu skule. 

Arbeidsoppgåver

  • Dagleg leiing av avdelinga, med både pedagogisk, administrativt og personalansvar 
  • Leia dei tilsette si læring og utvikling 
  • Følgja opp elevsaker saman med eleven sjølv, lærarane og dei føresette
  • Samarbeider godt og systematisk med ulike instansar i kommunen
  • Timeplanar og ressursfordeling til trinna 
  • Ansvar for å skaffa og følgje opp vikarar, og å føra løn og fråvær i Visma Timeplan 
  • Leia overgangsarbeidet frå barneskule til ungdomsskule. 
  • Leiarteamet vil fordela oppgåver seg i mellom på bakgrunn av kompetanse/erfaring og behov på skulen. 

Kvalifikasjonar

Stillinga krev at ein har godkjent lærarutdanning for barnetrinnet og brei erfaring frå arbeid i skule. Me ser etter ein person som er utviklingsorientert, har god relasjonskompetanse, gode samarbeidsevner og som har innsikt og forståing for administrative oppgåver, læreplanarbeid og skule- og organisasjonsutvikling. 

Vidareutdanning innan skuleleiing, spes.ped og god IKT kompetanse er ønska. Om ein manglar vidareutdanning innan skuleleiing er det forventa at ein fullfører denne innan to år. Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen
Det krevst politiattest ved tilsetjing i stillinga.

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner og bidra positivt i jobbfellesskapet
  • Arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
  • Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
  • Du må lika utfordringar, vere engasjert, løysingsorientert og kunne trekke slutningar
  • Ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
  • Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg

Vi tilbyr

Ei spennande stilling kor du vil oppleva tett samarbeid i eit godt fagmiljø.

Du får ei sentral rolle i ei engasjert leiargruppe og får viktig leiaransvar på ein flott skule. Du får gode moglegheiter for personleg utvikling og til å setja ditt preg på organisasjonen.

Kontaktinformasjon

Jone Siqveland, rektor

Arbeidsstad

Ola Barkveds veg
 

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Time kommune

Referansenr.: 4788035174
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.05.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Bryne skule, Time kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

“Me skal gjera kvarandre gode” er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 19 500 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er rundt 1 500 personar som har Time kommune som sin arbeidsgjevar

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

Webside http://www.time.kommune.no
Bransje Utdanning
Yrke Instruktører og pedagoger
Sted BRYNE (Adresse: Ola Barkveds veg Postnr: 4340)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 12-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/9fbb948b-b1ff-4764-86d8-eaea6948a055
IMPORTAPI