Job Description

Published 18-04-2024
Deadline: 05-05-2024

 

Avdelingsleiar ØHD og Overgrepsmottak

 

Verksemd legetenester og akutt helseberedskap held til på Ålesund lokalmedisinske senter på Åse. I tillegg til dei interkommunale tenestene vi har på bygget som legevakt, øyeblikkeleg hjelp døgnplassar (ØHD) og overgrepsmottak, har vi også ansvar for offentlege legetenester samt drift av kommunale legekontor i Ålesund. Verksemda har administrasjonslokaler på Kremmergaarden legesenter i tillegg til på Åse.

No har vi ledig ei spennande stilling som avdelingsleiar for ØHD og overgrepsmottaket. Ein vert ein del av eit team som arbeider for å oppretthalde og vidareutvikle tenestane i samhandling med øvrig leiargruppe, omliggande helsetenester og kommunar.

Arbeidsoppgåver er blant anna:

  • Leie, planlegge, koordinere og tilrettelegge for arbeidet i dei to tenestene.
  • Ivareta drifta i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og retningslinjer
  • Avdelingsleiar har personal, resultat- og fagansvar
  • Kompetanseutvikling og kvalitetsarbeid i avdelinga

Kvalifikasjonar

  • Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
  • Gode datakunnskapar
  • Godt kjennskap til kommunehelsetenesta
  • Fordel med erfaring frå relevante tenester
  • God på tverrfagleg samarbeid mellom ulike profesjonar 
  • Høg fagleg interesse – i dette ligg også utdanningsnivå og utdanningsretning. Fortrinnsvis helseutdanning på bachelor/ Master nivå.
  • Leiarerfaring.

Personlege eigenskapar

  • Personleg egna for stillinga vil bli lagt stor vekt på
  • Interesse for å vere med vidare i ein spanande utvikling av tenestene i kommuna
  • Interesse for kvalitets- og utviklingsarbeid
  • Evne til å jobbe i team
  • Evne til fleksibilitet
  • Godt humør og positiv fremtoning
  • God arbeidskapasitet

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse og trivelige arbeidskollegaer
  • Spanande, varierende og utfordrende arbeidsoppgåver
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Kontaktinformasjon

Torfinn Strand Vingen, Ass. kommunalsjef, 970 14 452

Arbeidsstad

Åsesvingen 16
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ålesund kommune

Referansenr.: 4798115909
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.05.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Kommunalområde Helse, Ålesund kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.

Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».

Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.

Webside http://www.alesund.kommune.no
Bransje Reiseliv og mat
Yrke Reiseliv, hotell og overnatting
Sted ÅLESUND (Adresse: Åsesvingen 16 Postnr: 6017)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 05-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/98653c4b-0695-4802-8bd4-5509cc9cb120
IMPORTAPI