Avlastar i Bu- og miljøtenesta – SOGNDAL KOMMUNE (922121893)

Education SFO, barne- og fritidsleder

(2 weeks ago)

  • SOGNDAL
  •  Post Date: 16. April 2024
  •  Expire date: 8. May 2024
Job Description

Published 16-04-2024
Deadline: 08-05-2024

 

Avlastar i Bu- og miljøtenesta

Bu- og miljøtenesta i Sogndal kommune treng avlastarar for barn og unge i kommunen. Føremålet med tenesta er å gi avlasting og hjelp til familiar med særleg tyngande omsorg for barn og unge med funksjonsnedsetting. Avlastingstilbodet kan vere i eller utanfor heimen, eller i institusjon. Sogndal kommune har eigne avlastingsbustadar.  

Avlastinga kan vere på timebasis spesielt i helgar og skuleferiar. Noko behov for avlastning,  kan og vere på ettermiddagstid . 

Avlastingstimane er fritida til barnet/ungdommen. Ein legg opp til ei meiningsfylt fritid, med aktivitetar tilpassa utvikling og interesser.   

Tilsetjing vil skje fortløpande. 

  

Kvalifikasjonar:  

  • Fylt 18 år     

  • Gjerne erfaring og utdanning innan arbeid med barn og unge.  

  • Evne til å skape tillit.   

  • Trygg, omsorgsfull, tolmodig, aktiv og engasjert.   

  • Kan gi barnet/ungdommen ei meiningsfylt fritid med kjekke aktivitetar ut frå deira interesse.   

  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.   

  

Me tilbyr:  

  • Arbeidsavtale med ein månads oppseiingstid.   

  • Opplæring i barnehage, skule eller heim.  

  • Opplæring og rettleiing  undervegs.   

 

  

Den som vert tilsett må leggje fram:  

  • Politiattest av ny dato.   

  • Underteikne teiepliktsskjema.  

  

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.  

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.  

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  EasyCruit.  

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver SOGNDAL KOMMUNE (922121893) orgnr:
Kort om arbeidsgiver Velkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn.
Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon.

Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837

Webside
Bransje Utdanning
Yrke SFO, barne- og fritidsleder
Sted SOGNDAL (Adresse: Postboks 153 Postnr: 6851)
Stillingstype Annet Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 08-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/184b613b-9c2a-4d08-badc-5e8806f2ba27
IMPORTAPI