Job Description

Published 18-04-2024
Deadline: 06-05-2024

 

Avlastar i eigen heim

Vi har behov for å komme i kontakt med rause familiar eller personar som ønske å hjelpe andre familiar som treng avlasting frå omsorgsoppgåver sine. Du/de har ekstra overskot, omsorg og motivasjon til å ta imot eit besøksbarn ei helg (2 døgn) i månaden + eventuelt ei ferieveke pr. år i eigen heim.

– Vi treng ein avlastar heim for glad jente 4 år med barneautisme. Ho treng tilsyn og oppfølging 1:1 store deler av døgnet. 
Treng du fleire detaljer ta kontakt med kontaktperson.

– Vi treng og personar  til “banken” som ønske å bidra med timebasert avlasting i vekedagar/helger utan overnatting og avlasting døgn.

Merk!
I periodar er behovet for godkjente avlastarar større, enn andre periodar, og vi er derfor avhengig av å opparbeide oss en «bank» med ledige avlastarar. Dette betyr at du kan bli kalla inn til intervju, men får kanskje ikkje oppdrag med det same.

Arbeidsoppgåver

  • Avlastar i eigen heim
  • Individuell tilrettelegging for aktuelt barn
  • Oftast ei helg per månad, i nokre høve i feriar og vekedagar

Kvalifikasjonar

  • Politiattest vert kravd av alle som bur i husstanden som er over 18 år
  • 2 referansar
  • Ein må kunne binda seg til minimum eit år
  • Sertifikat og bil

Personlege eigenskapar

  • De er omsorgsfulle, fleksible og har gode samarbeidsevner
  • Erfaring og kjennskap til barn med særskilte bistandsbehov
  • De er pålitelege, tolmodige og strukturerte

Vi tilbyr

  • Deltidsstilling
  • Fast tilsetting, løn og godtgjering etter KS sin Særavtale SGS 1030
  • Opplæring og oppfølging vil bli gitt

Kontaktinformasjon

Johanne Helene Grutle Haara, +47 90207778

Arbeidsstad

Solavegen 1
4351 Kleppe

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Klepp kommune

Referansenr.: 4802503152
Stillingsprosent: 18%
Fast
Søknadsfrist: 06.05.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Klepp kommune, administrasjon miljøtenesta orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 20 000 innbyggarar og om lag 1700  tilsette. Me ligg ein kort køyretur frå Stavanger og Sandnes.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.

Visjonen vår er «Med blikk for alle».  Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt.

Webside http://www.klepp.kommune.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Sosial
Sted KLEPPE (Adresse: Solavegen 1 Postnr: 4351)
Stillingstype Annet Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 06-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/951af27b-61ee-4a67-b8c1-cddb34a2ab8e
IMPORTAPI