Job Description

Published 16-04-2024
Deadline: 01-05-2024

 

Barne- og familiepastor i Frøyland og Orstad kyrkjelyd – vikariat

Klepp kyrkjelege fellesråd søkjer etter barne- og familiepastor, med arbeidsstad Frøyland og Orstad kyrkjelyd, i 80 % vikariat i perioden 1. august 2024 – 31. juli 2025.
 
Klepp kommune har omlag 20 000 innbyggjarar og ligg på Jæren, 25 km sør for Stavanger.
Klepp kyrkjelege fellesråd består av fire sokn: Frøyland og Orstad, Bore, Klepp og Orre.
Barne- og familiepastor har kontor i Frøyland og Orstad kyrkje på Orstad.
 
Frøyland og Orstad kyrkjelyd vart planta som ein prosjektkyrkjelyd i 1994. Blant dei som var med i starten var det stor variasjon i kyrkjeleg bakgrunn, både innanfor og utanfor statskyrkja, men ein fellesnemnar har alltid vore eit engasjement for å nå ut og vera ein kyrkjelyd for alle på Frøyland og Orstad. I 2007 blei Frøyland og Orstad sokn oppretta som det første soknet i landet på tvers av ei kommunegrense. I 2008 blei kyrkjebygget ferdig etter eit omfattande dugnadsprosjekt.
 
Det er mykje aktivitet i kyrkja i løpet av ei veke, og på søndagane er det ofte kring 300 på gudstenestene, inkludert nærare 100 born som er ein del av kyrkja sitt søndagsskulearbeid.
 
Per i dag består staben i kyrkja av 7 personar: sokneprest, dagleg leiar, driftsleiar/økonomiansvarleg, musikalsk ansvarleg/trusopplærar, seniorpastor, ungdomspastor og barne- og familiepastor. I tillegg er ofte ein eittåring knytt til staben.
 
Kyrkjelyden sin visjon: “Vi vil sjå menneske koma til tru på Jesus og bli frimodige etterfølgjarar.”
 
For meir informasjon, sjå kyrkja si heimeside – www.fok.no

Arbeidsoppgåver

Som barne- og familiepastor får du ansvar for kyrkja sitt arbeid knytt til barn og tweens, samtundes som du har auge for familiane deira og den nøkkelrolla dei spelar i formidling av tru. Arbeidsoppgåvene omfattar både kontinuerleg arbeid gjennom heile året og meir tidsavgrensa trusopplæringstiltak retta inn mot eitt og eitt klassetrinn i grunnskulen. I samband med fleire av trusopplæringstiltaka jobbar du saman med kyrkjelyden sin trusopplærar.

Arbeidskvardagen din vil bestå av:

  • rekruttering, oppfylgjing, inspirasjon og dyktiggjering av frivillige
  • drift og utvikling av eksisterande arbeid
  • oppfølging og gjennomføring av trusopplæringstiltak i tråd med lokal plan

Øvrige arbeidsoppgåver vert tilpassa stillingsstorleik, stabssamansetjing og den som vert tilsett.

Ved behov kan storleiken på stillinga vurderast.

Kvalifikasjonar

Det vil verta lagt stor vekt på om ein er personleg eigna til stillinga. Det er òg ein fordel med tilknyting til kyrkjelyden. 

Utover det er det ein fordel med:

  • høgare utdanning innan kristendomskunnskap og pedagogikk, eventuelt anna relevant utdanning
  • erfaring frå kristent barne- og tweensarbeid/kyrkjelydsarbeid/frivillig arbeid
  • gode evner til formidling, kommunikasjon, relasjonsbygging og administrasjon
  • gode kommunikasjonsevner på norsk, skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

Du er:

  • ein visjonsbærar og leiar av utviklinga av arbeidet
  • ein inspirator og motivator for barn, tweens og frivillige
  • engasjert ifht. undervisning og trusformidling
  • ein god formidlar
  • glad i og dyktig til å jobbe både sjølvstendig og i team med tilsette og frivillige
  • ein god teambyggjar
  • initiativrik og løysingsorientert

Me kan tilby:

  • utfordrande og meiningsfylte oppgåver i ein spanande kyrkjelyd med ein engasjert og dyktig stab og omfattande frivillig innsats
  • fokus på at du skal få utvikle deg og lære meir gjennom å ha tid til bibel, bønn, stillhet, retreat, studie- og/ eller relevante kurs og seminarer
  • fleksibel arbeidstid
  • løn etter gjeldande tariff
  • forsikrings- og pensjonsordningar etter gjeldande regler

Anna:

  • Helge- og kveldsarbeid må påreknast.
  • Den som får tilbod om stillinga må leggje fram godkjend politiattest før tilsetjing.

Tiltreding: 1. august 2024, eller etter nærare avtale

 

Spørsmål til stillinga? Ta kontakt med dagleg leiar Marita T. Gamlemshaug (93 83 72 83) eller sokneprest Morgan Fjelde (48 99 71 08)
 
Søknadsfrist: 1. mai 2024

Kontaktinformasjon

Marita T. Gamlemshaug, Dagleg leiar, +47 93837283
Morgan Fjelde, Sokneprest , +47 48997108

Arbeidssted

Kleppevarden 2
4350 Kleppe

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Klepp kyrkjelege fellesråd

Referansenr.: 4801464028
Stillingsprosent: 80%
Vikar
Søknadsfrist: 01.05.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Klepp kyrkjelege fellesråd orgnr:
Kort om arbeidsgiver
Webside http://www.kirken.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Lege
Sted KLEPPE (Adresse: Kleppevarden 2 Postnr: 4350)
Stillingstype Vikariat Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 01-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/efabc6c4-2bed-43d0-9361-249f564346d3
IMPORTAPI