Job Description

Published 06-05-2024
Deadline: 22-05-2024

 

Barne- og ungdomsarbeidar

Til deg som ønskjer å bo på fjellet og samstundes ha verdas beste jobb! Vi har ledig eit vikariat som barne- og ungdomsarbeidar i Fjellgardane barnehage frå 01.08.24-31.07.25 Barnehagen vår er ein arbeidsplass kor dagane preges av mykje humor og glede. Du vil få ein innhaldsrik kvardag, der du må gje mykje av deg sjølv og dine kunnskaper. Det er små barnegrupper i barnehagen og god vaksentettleik. Hos oss ønskjer vi å gjere barnehagetida til ein herleg start på livslang læring!

Arbeidsoppgåver

  • Ha omsorg for alle barna i barnehagen og sjå barnehagen som ein heilskap
  • Medverke til eit godt samarbeid mellom alle som har dagleg tilknyting til barnehagen
  • Ha fokus på barns leik og utvikling av leikemiljøer, delta og rettleie barn i leik
  • Stimulere barns fantasi og skapartrong gjennom å leggje til rette for ulike aktivtetar

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
  • Gode kommunikasjons- og formidlingskunnskapar på norsk, munnleg og skriftleg. Om du har eit anna morsmål enn norsk, må du dokumentere at du har språknivå tilsvarande B1. Gjeld ikkje søkjarar med skandinavisk morsmål

Personlege eigenskapar

  • Vi ønskjer oss ein medarbeidar som tek ansvar, er fleksibel og god til å samarbeide
  • Du må ha evne og vilje til å bidra til at barnehagen er ein arena for utvikling og læring for barn og tilsette
  • Du har fagleg fokus, er raus, ryddig og strukturert
  • Du må vere fleksibel og sjå moglegheitar framfor hinder
  • Du må like å vere ute og gjerne vere glad i ski- og friluftsaktivitetar

 

Personleg eignaheit vektleggjast

Vi tilbyr

  • Godt arbeids- og fagmiljø med ein inkluderande personalgruppe
  • Utvikling og fagleg påfyll
  • Løn ihht einkvar tid gjeldande tariff
  • God pensjons- og forsikringsordning
  • Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad
  • Bedriftsleilighet i Kristiansand
  • Barnehage – og SFO plass frå dag ein i kommunen

Det er krav om politiattest ved tilsetting

 

Andre opplysningar  

Oppdatert CV, vitnemål og attestar skal lastas opp i Webcruiter. Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju.

Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtaler. Det vert trekt 2% pensjonsinnskot.
Bykle kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søke hos oss.
Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men då må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før offentleggjering.
 
Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar.

Kontaktinformasjon

Caroline Rysstad, Tjenesteleder, 93421494

Arbeidsstad

Sarvsvegen 14
4754 Bykle

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bykle

Referansenr.: 4811580327
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.08.2024
Sluttdato: 31.07.2025
Søknadsfrist: 22.05.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Fjellgardane barnehage, Hovden orgnr:
Kort om arbeidsgiver
Webside
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted BYKLE (Adresse: Sarvsvegen 14 Postnr: 4754)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 01-08-2024
Søknadsfrist 22-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/f7293917-0634-4758-8421-0e271f7541f9
IMPORTAPI