Barnehagelærar  – Oppvekst, Kvam herad

Education Kindergarden

(2 weeks ago)

  • NORHEIMSUND
  •  Post Date: 25. April 2024
  •  Expire date: 12. May 2024
Job Description

Published 25-04-2024
Deadline: 12-05-2024

 

Barnehagelærar 

Me søkjer deg som er barnehagelærar og vil skapa ein trygg og stabil kvardag for born.

Frå 1. august har me ledige stillingar som barnehagelærar i barnehagane våre. Me vil gjerne ha deg på laget vårt! 

Politikarane i Kvam satsar på barnehagetenesta. Grunnbemanninga er styrka utover minstenorm, og administrasjonsressursen er auka for å administrera, rekruttera og læra opp vikarar i barnehagane våre. 

Dei kommunale barnehagane har fokus på godt arbeidsmiljø og nærvær på arbeidsplassen. 

Kvam herad er ein BTI (betre tverrfagleg innsats) kommune og barnehagane jobbar med kompetanseutvikling gjennom BTI. Alle barnehagetilsette vert kursa i Sjå barnet innanfrå (relasjonskompetanse) og me jobbar med Udir sine kompetansepakkar i trygt og godt barnehagemiljø.

Arbeidsoppgåver

  • Visa omsorg, ta ansvar og sjå barna sine styrkar og behov
  • Støtta opp under kvart barn si utvikling og gje dei tid og ro, samtalar og leik
  • Gje barna oppleving av meistring og gleda av å nå mål
  • Skapa ein god barnehagekvardag for alle
  • Ansvar for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og vurdering av det pedagogiske og praktiske arbeidet på avdelinga
  • Leggja til rette for ein variert kvardag, der barna sine opplevingar er i fokus i tråd med rammeplan for barnehagar
  • Rettleia, involvera og motivera 
  • Bidra til eit godt samarbeid med føresette og andre samarbeidspartar
  • Delta i leiarteamet i barnehagen og bidra til pedagogisk utviklingsarbeid i barnehagen
  • Nært samarbeid med spesialpedagog i barnehagen

Kvalifikasjonar

  • Godkjent høgskuleutdanning som barnehagelærar, eller anna treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå med vidareutdanning i barnehagepedaogogikk
  • Andre med relevant utdanning og/eller erfaring frå arbeid i barnehage kan søkja 
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
  • Jf. barnehageloven §27 må personar med utanlandske yrkeskvalifikasjonar dokumentera norskferdigheiter ved å ha:
    – gjennomført og bestått opplæring i norsk på vidaregående skule
    – bestått eksamen frå trinn 3 i norsk for utanlandske studentar ved universiteta
    – bestått eksamen fra 1-årig høgskulestudium i norsk språk og samfunnskunnskap for utanlandske studentar
    – bestått test i norsk – Høgare nivå (Bergenstesten), eller ha avlagt norskprøve og oppnådd nivå B2 på delprøvene i skriftleg framstilling, leseforståing, lytteforståing og munnleg kommunikasjon

Ved ny tilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, jfr. Barnehagelova §19, denne skal ikkje leggjast ved søknaden. Attesten må ikkje vera eldre enn 3 månader.

Personlege eigenskapar

  • Ha eit positivt barnesyn
  • Vera profesjonell og visa fagleg engasjement og interesse
  • Visa endringsvilje og vera løysingsorientert
  • Samarbeida godt med andre
  • Gode kommunikasjonsevner

Me tilbyr

  • Ved funksjon som pedagogisk leiar vert det gjeve eit årleg tillegg på kr. 36.000,- i full stilling
  • Rettleiing til nyutdanna dei to første åra
  • Støtte til relevant vidareutdanning 
  • Arbeidskle
  • Godt og fagleg arbeidsmiljø
  • Nye barnehagebygg
  • Varierte arbeidsdagar
  • Delta i vår satsing Sjå barnet innanfrå med utgangspunkt i COS (circle of security)
  • Opplæring i BTI (betre tverrfagleg innsats)
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
  • Gode pensjons-/og forsikringsordningar

    Generell informasjon:
    Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.

Kontaktinformasjon

Ingunn Mo, Leiar for barnehage, 997 38 755
Torunn Agnete Sørheim, Styrar Sjydnahaugen barnehage, 95026183
Karin Træbakken, Styrar Norheimsund barnehage, 46865845
Hanne Jørgensen, Styrar Ålvik barnehage, 95018539
Ann-Kristin Strømme Bråten, Styrar Bjørketeigen barnehage, 46806904
Marit Linga, Styrar Strandebarm barnehage, 94178356
Grethe-Lill Bråten, Styrar i Tørvikbygd barnehage, 94157935

Arbeidsstad

 

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kvam herad

Referansenr.: 4805503149
Stillingsprosent: 100, 80%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 12.05.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Oppvekst, Kvam herad orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Kvam er inngangsporten frå Bergen for alle som ønskjer å oppleva Hardanger.
Berre ein times køyring via Kvamskogen – eit område for aktiv fritid både sommar og vinter, ligg kommunen ved Hardangerfjorden. Me har eit variert næringsliv med jordbruk, industri og handel. Kopla med eit rikt kultur og organisasjonsliv gjev dette eit mangfaldig og levande samfunn for dei 8500 innbyggjarane våre. Me har eit godt utbygd skuletilbod med to vidaregåande skular. Norheimsund er regionsenteret i kommunen og her kan du oppleva «bygda med bypuls», handlegate, strandveg og bystrand. Les meir

Webside http://www.kvam.kommune.no
Bransje Utdanning
Yrke Barnehage
Sted NORHEIMSUND (Adresse: Postnr: 5600)
Stillingstype Heltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 12-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/3d19f3dc-9af6-4c0d-b60a-9707cda14e32
IMPORTAPI