Barnehagelærar, vikariat – Bjørnafjorden kommune Lysekloster barnehage
Education Kindergarden(5 hours ago)
Job Description
Published 07-04-2021
Deadline: 11-04-2021
Barnehagelærar, vikariat
Org.nr.:844458312 Stillingsident: 21/2756 Presentasjon av stillingen :
Vi har ledig 100 % vikariat som barnehagelærar frå no og fram til 16. juli 2021
Lysekloster barnehage er ein fire avdelings barnehage med to avdelingar for barn 1-3 år og tre avdelingar for barn 3-6 år. Vi er ein barnehage med fagleg tyngde og høg pedagogisk tettleik. Vi ønsker deg som brenn for å kunne påvirke barna sin kvardag og utvikling positivt.
I Bjørnafjorden kommune kan vi tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi jobbar målretta for å skape gode oppvekstvilkår for barna våre. Barnehageutvikling står sentralt med særleg vekt på livsmeisting og godt barnehagemiljø. Satsingsområda er språk, leik, realfag, inkluderande barnehagemiljø og livsmeistring for alle.
Arbeidsstad
Barnehagen ligg i naturskjønne omgjevnader på Edne, like ved idrettsbana og Lysekloster skule. Vi har eiga hytte og naturleikeplass i skogen. Dette bruker vi aktivt i arbeidet med barnegruppene.
Sjå på heimesida vår: www.lysekloster-barnehage.no
Arbeidsoppgåver
– Medansvar for eit godt pedagogisk tilbod til barna, og for å bidra til å legge til rette for barnas læring, utvikling og danning
- Medansvar for utviklinga av barnehagen som pedagogisk verksemd
- Sjå barnehagen i ein heilskap, ha omsorg for alle barn og aktivt ta del i utviklinga av barnehagen
- Foreldresamarbeid
- Tverrfagleg samarbeid med eksterne instansar som fagsenter, PPT og barnevern
- Bidra til å utforme og gjennomføre store og små planer for barnehagen
Kvalifikasjonar
Utdanning som barnehagelærar. Utdanning frå utlandet skal vere NOKUT-godkjent.
Søkarar må ha særs gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
Vi gjer merksam på at du må legge fram politiattest.
Eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- har eit positivt menneskesyn og gode evner til samarbeid
- er ein god språkmodell
- er glad i å vera ute
- har gode evner til kommunikasjon og refleksjon
- kan ta ansvar og initiativ
- er fleksibel og løysingsorientert
- har gode leiareigenskapar, er trygg og tydeleg
- har stor arbeidskapasitet
- er engasjert
- har god digital kompetanse
- har evne og vilje til å skape gode relasjonar med barn, foreldre og kollegar
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med navn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følge vil søkaren varslast om dette.
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Liv Wallem Aspaker, Tlf: +47 56 30 33 70, Mobil +47 906 13 587, Epost: livasp@bjornafjorden.kommune.no
DIVERSE INFO