Barnehagelærer ved Hyllestad skule – Hyllestad Skule

Education Kindergarden

(2 weeks ago)

  • HYLLESTAD
  •  Post Date: 30. April 2024
  •  Expire date: 20. May 2024
Job Description

Published 30-04-2024
Deadline: 20-05-2024

 

Barnehagelærer ved Hyllestad skule

Vi søkjer etter barnehagelærar til Hyllestad skule frå 1.8.2024.

Kvifor søkje hos oss?

  • Du vil få ein interessant, spennande, meiningsfull og variert arbeidskvardag
  • Du kan utgjere ein forskjel for nokre av dei 113 elevane i Hyllestad
  • Kompetente kollegaer i eit etablert fagmiljø, 21 kollegaer ventar på deg!

Vi ønskjer oss deg som vil vere med å sikre god undervisning og bidra til eit trygt, varmt og inkluderande lærings- og skulemiljø.

I tillegg vert du medlem i SPK, eit av landets beste pensjonsordningar.

Klar til å søkje? Gå rett til søknadsskjema her

Kvifor Hyllestad?

Hyllestad kan skilte med norsk natur på sitt beste, du kan rusle langs vasskanten eller bestige fjell som Lihesten, her er gode moglegheiter for jakt og fiske. I Hyllestad er det rom og moglegheiter for både familiar og einslege. Vi har mange fritidsaktivitetar i regi av ulike lag og organisasjonar. Og – her er plass til fleire, kanskje akkurat deg?

Vi har ledige byggeklare tomter med flott utsikt og gode solforhold, fritids- og aktivitetstilbod for både store og små – og rimelege barnehageplassar.

Har du lyst å lese meir om livet i Hyllestad, sjekk ut hyllestadinfo

Hyllestad skule og sfo er ein 1.-10.skule, den einaste skulen i Hyllestad kommune. Skulen ligg fint til i Hyllestad sentrum, idrettshallen er i nabobygget og idrettsbana rett attmed, og kort veg til skog, turområder og sjøen.

Som barnehagelærar vil dine daglege arbeidsoppgåver mellom anna vere:

  • 80 – 100 % stilling utifrå kvalifikasjonar
  • Vanleg klasseromsundervisning
  • Begynnaropplæring
  • Kontaktlærafunksjon i 1. klasse må påreknast
  • Vere med å sikre god undervisning og bida til eit trygt, varmt og inkluderande lærings- og skulemiljø

Andre oppgåver kan kome i tillegg og oppgåvene kan endre seg etter behov.

Vi ser for oss at du

er utdanna barnehagelærar. Vi ønskjer oss ein pedagog som møter elevane våre med engasjement, og er ein trygg og tydeleg vaksenperson og har fokus på elevane sitt beste.

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting. I tråd med lov- og regelverk må vi ha politiattest av nyare dato og eigenerklæring knytt til tuberkulose/MRSA på plass før tiltreding.

Kontakt

Fleire opplysningar om stillinga kan du få frå rektor Kristin Eimind, tlf. 577 89 553.

Hos oss vil du få ein gjeng med gode kollegaer som kan faget sitt, og som ønskjer å lære vekk sin kompetanse – samstundes som dei vil lære av deg. Vi har eit godt arbeidsmiljø på skulen, kjekke elevar og gode kollegaer, felles lunsj på pauserommet og kollegatrim ein gang i veka. Er du treningsentusiast får du gratis tilgang til treningsstudio i idrettshallen vår (alle tilsette får det 🙂 ).

Vi ser fram til din søknad!

Vi søkjer etter ein pedagog som ønskjer å vere med å forme Hyllestadskulen framover. Som lærar får du høve til å påvirke kvardagen til elevane og kollegaene, fremje positiv endring og skape eit støttande læringsmiljø.

Om du har lyst til å vere med oss på laget – ikkje nøl, send oss ein søknad. Vi gledar oss til den dukkar opp i innboksen vår!

Relevante lenkjer/informasjon

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Hyllestad Skule orgnr: 875289292
Kort om arbeidsgiver

Hyllestad kommune er ein liten vestlandskommune, vi ligg i ytre Sogn på nordsida av Sognefjorden, sentralt mellom Bergen og Førde. Daglege hurtigbåtavgangar Rysjedalsvika – Bergen.

Hyllestad kan skilte med norsk natur på sitt beste, du kan rusle langs vasskanten eller bestige fjell som Lihesten og her er gode vilkår for jakt og fiske. Vi er stolte av den nye fleirbrukshallen vår, her finn du mellom anna klatrevegg, biljardsalong, styrkerom, spinningsal og treningssal/kultursal. Det er eit rikt organisasjonsliv i kommune, vi har diskgolfbane, merka turstiar, kor, kulturskule – for å nemne noko.

Hyllestad kommune satsar på framtida. Skulen vår får no eit etterlengta løft med ny fløy og vi satsar mykje på å få gode internettløysingar i heile kommunen.

Det er i underkant av 1.300 som bur fast her i kommunen, mange fleire i helgar og feriar.

Bli ein del av Hyllestadsamfunnet du og!

Webside https://www.hyllestad.kommune.no/
Bransje Utdanning
Yrke Barnehage
Sted HYLLESTAD (Adresse: Lifjordvegen 6 Postnr: 6957)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 01-08-2024
Søknadsfrist 20-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/b5786a9b-1bae-4b42-a35d-6a984275dbf3
Stillingsregistrering