Barnekoordinator og FactUng – Ål kommune Familiens hus

Reiseliv og mat Reiseliv, hotell og overnatting

(2 weeks ago)

  • ÅL
  •  Post Date: 22. April 2024
  •  Expire date: 19. May 2024
Job Description

Published 22-04-2024
Deadline: 19-05-2024

 

Barnekoordinator og FactUng

Familiens Hus har to spanande midletidige stillingar ledige – med moglegheit for fast tilsetting

  •  50% stilling som barnekoordinator
  • 50% stilling Fact- ung 

Stillingane kan kombinerast. Opplys gjerne i søknaden kva for stilling du er interessert i. 

Ål kommune ynskjer å yte heilheitlege og tilgjengelege tenester til born, unge og deira familiar. Innbyggerane skal oppleve at det er lett å ta kontakt og at hjelpa blir godt koordinert uavhengig av korleis tenestene er organisert.

Barnekoordinator vil væra organisert under Familiens hus og væra knytt til koordinerande eining. Tenesta vil utøvast i alle deler av kommunen og i samarbeid med alle relevante samarbeidspartnarar.
Fact -ung er eit tverrfagleg samansatt team som skal gje integrert og langvarig behandling og oppfølging til ungdom med store og samansatte behov. Fact ung er eit samarbeid mellom Vestre Viken og Hallingdalskommunane. Denne stillinga er Ål kommune sin arbeidstakar inn i teamet. Fact ung er eit forpliktande samarbeid mellom spesialisthelsetenesta og kommunane. Teamet skal gje oppsøkande og ambulant behandling på dei unge sin eigen arena, støtte opp under sosial inkludering og nettverksbygging. Behandlinga skal bygge på ungdommen sine ynskjer, behov og ressursar. Denne 50% vil også vera organisert under Familiens hus.

Familiens hus består av helsestasjonstenester, psykisk helse born og unge, ungdomslos, logoped og ppt. Me har tett samarbeid med avdeling meistring der fysioterapitenesta for born og unge samt KE er organisert. Alle tilsette jobbar tett med andre faggrupper og avdelingar i kommunen.

Arbeidsoppgåver Barnekoordinator:

  • koordinera og bidra aktivt til i det samla tenestetilbodet kring barnet og familien
  • leggje til rette for gode overgangar
  • initiere og følgje opp arbeid med individuell plan
  • gje opplæring og rettleiing til barnekoordinatorar i andre tenester
  • bistå koordinerande eining i vurdering knytt til tildeling av barnekoordinator og individuell plan
  • bidra aktivt i utvikling av tenesta

Arbeidsoppgåver Fact-ung:

  • sikre ungdommen si medverknad i eiga utvikling og behandling
  • bidra i utvikling og evaluering av teamets arbeid
  • rapportering og samhandle med teamleder
  • samarbeide med pårørande og andre tenesteinnstansar
  • sikre at ungdommane får behandling og oppfølging i tråd med gjeldande lover og forskrifter

Kvalifikasjonar:

Må ha:

  • minimum tre-årig helse- eller sosialfagleg utdanning frå høgskule eller universitet
  • erfaring med koordinering og møteleiing
  • erfaring frå tverrfagleg samarbeid med barn og familiar
  • kunnskap om offentlege helse-, omsorgs- og velferdstenester
  • kjennskap til aktuelt lovverk
  • gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar
  • førarkort klasse B

Ynskjeleg med:

  • rettleiingskompetanse
  • god digital forståing
  • kjennskap til BTI-modellen
  • evne til å arbeide ut i frå eit familieperspektiv

Personlege eigenskapar:

  • stort engasjement for brukargruppa
  • relasjonskompetanse og god samarbeidsevne
  • evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
  • fleksibel og open for nye utfordringar
  • evne til å gå inn i den vanskelege samtalen
  • det å væra personleg eigna for stillinga vert vektlagt

Søknad og politiattest:

  • vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
  • den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader
  • kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Ål kommune Familiens hus orgnr:
Kort om arbeidsgiver Familiens hus gir tenester til barn, ungdom og familiar. Vi er 22 tilsette. Familiens hus består av tenester i Helsestasjonen, Psykisk helse born og unge, Undomslos, logoped og eit interkommunalt PPT i lag med Hol kommune. Familiens hus arbeider tverrfagleg for å fremje trivsel og god fysisk og psykisk helse hjå born, unge og deira familiar, samt styrke born og unge sine oppvekstsvilkår. Vi har stort fokus på fag, kvalitet og utvikling.

PP-tenesta er ei interkommunal teneste for skulane og barnehagane i Ål og Hol, med kontorlokale i Ål sentrum. Tenesta består av er 7,5 stillingar, samt 2 stillingar som logoped/audiopedagog i tenesta. Alle i tenesta jobbar i team. Vi har høgt fagleg nivå og eit godt samarbeid med skulane og barnehagane. PP-tenesta er i ein spanande utviklingsprosess med mål om å vere ei teneste i tråd med anbefalingar i Meld. St & – Tett på- tidleg innsats og inkluderande fellesskap i barnehage og skule. Kvar einaste dag gjer våre medarbeidarar i barnehage og skule ein stor innsats for å hjelpe våre barn til å nå sine drøymar og mål. Pedagogisk Psykologisk teneste er ein viktig del av laget rundt barnet og eleven.

Familiens hus er samlokalisert med Hallingdal barnevern sentralt i Ål.

Webside
Bransje Reiseliv og mat
Yrke Reiseliv, hotell og overnatting
Sted ÅL (Adresse: Sundrevegen 95 Postnr: 3570)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 19-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/cfc9b7e6-053e-4758-b631-30914b9f8c45
IMPORTAPI