Job Description

Published 18-04-2024
Deadline: 13-05-2024

 

Barnevernkonsulent

Felles barnevernteneste for Vang og Vestre Slidre kommune har ledig 100% fast stilling som barnevernkonsulent. Det er også ledig eit vikariat i deltid ut 2024 med moglegheit for forlenging.

Har du lyst til å vere med å utvikle tenesta vår? Då bør du nytte moglegheita til å søke no!

Felles barnevernteneste for Vang og Vestre Slidre kommune er ei interkommunal teneste der Vestre Slidre er vertskommune. Tenesta består av 7,7 årsverk godt utdanna og engasjerte fagfolk. Tenesta er organisert under verksemnda familie, helse og førebygging.  Barneverntenesta har fokus på å bygge gode og skreddarsydde tiltak for barn, unge og familiar der dei bur, i tråd med ny oppvekstreform som trådde i kraft i 2022. Barnevernet har eit stort fokus på korleis vi organiserer tenesta for å sikre kvalitet og effektivitet i sakshandsaming. Det leggjast stor vekt på tverrfagleg samarbeid innad og ut mot andre tenester.

Tenesta jobbar i hovudsak etter generalistmodellen, som omfattar oppgåver knytt til mottak, akuttarbeid, undersøking, hjelpetiltak, omsorgstiltak/fosterheim og ettervern.

Arbeidsoppgåver

  • Undersøking og oppfølging av hjelpe- og omsorgstiltak
  • Dokumentasjon, vedtaksskriving og overhalding av fristar i tråd med lovverk
  • Partsrepresentant i Fylkesnemnda og øvrige rettsinstansar
  • Deltakelse i akuttarbeid i barneverntenesta
  • Samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartar

Kvalifikasjonar

  • 3-årig relevant utdanning på høgskule-eller universitetsnivå som barnevernspedagog, sosionom eller liknande utdanning
  • Det er ynskjeleg med masterutdanning eller annan relevant vidareutdanning
  • Det er ynskjeleg med erfaring innan kommunal barnevernteneste
  • Førarkort klasse B (Krav)

Personlege eigenskapar

Vi ynskjer deg som:

  • har god relasjonskompetanse
  • kan uttrykke deg godt munnleg og skriftleg
  • har evne til å arbeide sjølvstendig, målretta og strukturert
  • har gode samarbeidsevner både internt og mot eksterne aktørar
  • er fleksibel og har høg arbeidskapasitet og evne til å stå i krevjande situasjonar
  • har eit fagleg engasjement
  • er trygg, raus og har evne til å bruke humor og varme i fagutøvinga
  • vil bidra til gode tverrfaglege løysingar
  • har ei grunnleggande positiv innstilling

Personleg egnethet vil bli tungt vektlagt.

Vi tilbyr

  • Løn etter tariff og elles arbeidsvilkår etter dei reglar som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglement og tariffavtalar. Nytilsette blir automatisk innplassert på minimum 8 års ansiennitet.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Fleksibel arbeidstid
  • Spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver
  • Eit inkluderande, engasjert og kompetent arbeidsmiljø
  • Moglegheit  for fagleg og personleg utvikling

Kontaktinformasjon

Randi Stenberg, barnevernleiar, 97781956, randi.stenberg@vestre-slidre.kommune.no
Melanie Degen, Tenesteleiar Familie, helse og førebygging, 94978343, melanie.degen@vestre-slidre.kommune.no

Arbeidsstad

Slidrevegen 16
2966 Slidre

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommune

Referansenr.: 4801906606
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 13.05.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Barnevernstenesta i Vang og Vestre Slidre kommune, Vestre Slidre kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Andre opplysningar

 Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Arbeidsplassen vil bli tilrettelagt ved behov. Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnteke offentleg søkjarliste. Ynskje om unntak frå offentleg søkjarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ynskje ikkje kan takast til følgje

 

Vestre Slidre kommune er ein landbruks- og reiselivskommune i Valdres, og som ligg vakkert til nær Jotunheimen, er 457 km2 stor og har omlag 2 100 innbyggjarar. Vi har ei god skule, full barnehagedekning og ei av dei beste kulturskulane i landet. Kommunen har også eit rikt kulturliv med song, musikk og idrett, og eit vidt spekter innanfor lag og foreiningar.

Her ligg det til rette for aktivt friluftsliv – både sommar og vinter. Største delen av fjellområda i kommunen er statsallmenning. For jakt- og fiskeinteresserte byr dette på mange gode – som for eksempel fiske med garn og oter i alle vatn i allmenningen, og tilgang til småviltjakt. Vestre Slidre kommune kan også by på eit alpinanlegg og 300 km oppkøyrte skiløyper i vårt vakre og varierte fjellområde, samt to lysløypeanlegg. Det er god kommunikasjon til Oslo og Vestlandet via E-16, som går gjennom kommunen.

Webside http://www.vestre-slidre.kommune.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Sosial
Sted SLIDRE (Adresse: Slidrevegen 16 Postnr: 2966)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 13-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/9ec43d16-8a07-4620-952e-9a3c003338ed
IMPORTAPI