Job Description

Published 01-05-2024
Deadline: 19-05-2024

 

Bemanningskoordinator

Les meir om stillinga her:

Odda sjukehus har både dag- og døgnavdelingar, og døgnavdelingane er i drift 24/7, noko som gjer at personalet ofte jobbar på kryss av dag og natt.
Som bemanningskoordinator vil du ha eit ansvar som strekkjer seg over alle avdelingane. Kvardagen er variert og utfordrande, og ein veit aldri heilt kva dagen vil bringe.

Avdelingane har mange funksjonar, mange tilsette og ulike arbeidsoppgåver. Derfor treng vi ein ressursperson som kan hjelpe leiarane med vaktplanlegging, vakante vakter og andre administrative oppgåver. Stillinga inneber tett samarbeid både med leiarar og tilsette.

No har vi ledig ein 100% vikariat som bemanningskoordinator i Avdeling Somatikk Odda, med arbeidsstad på sengeposten, dagavdelinga og OVA/Akuttmottaket.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for utarbeidelse og oppfølging av arbeidsplan i sammarbeid med leiarar 
  • Dekking av vakter innafor kompetansemessige og økonomiske føringar
  • Merkantile arbeidsoppgåver
  • Vegleiing av vikarer i bruk av Min Gat
  • Bindeledd mellom bestillande avdeling og vikarer

Kvalifikasjonar

  • Kjennskap til bemanningssystemet GAT og MinGat er ein fordel
  • Erfaring med utforming av arbeidsplan og turnus med tilhøyrande lover og avtaler
  • Kjennskap til arbeidsmiljøloven og avtaleverket
  • Helsefaglig relevant utdanning
  • Kjent med drift av døgnavdelingar er ein fordel
  • Gode datakunnskaper og feridgheter
  • Gode norsk kunnskaper munnleg og skrifteleg, minimum norsk B2 

Personlege eigenskapar

  • Du er selvstendig, rettferdig en tillitsskapende person som samhandle godt med kolleger
  • Du liker høgt arbeidstempo, er fleksibel og liker å bli utfordra fagleg
  • Du er god på kommunikasjon og er løysingsorientert
  • Du bidreg positivt til eit godt arbeidsmiljø
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Ein spennande og utfordrande jobb med moglegheiter for fagleg utvikling
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø

Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Kari Marie Tjelmeland, Avdelingsleiar, +47 5365112

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 10
5750 ODDA

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 4806306639
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 27.05.2024
Sluttdato: 30.06.2025
Søknadsfrist: 19.05.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Avdeling somatikk Odda sjukehus, Helse Fonna HF orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.

 

Webside
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Personal, arbeidsmiljø og rekruttering
Sted ODDA (Adresse: Sjukehusvegen 10 Postnr: 5750)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 27-05-2024
Søknadsfrist 19-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/9bc2fb8b-e605-425b-9ded-0f28bd6d861f
IMPORTAPI