Job Description

Published 01-05-2024
Deadline: 22-05-2024

 

Bibliotekmedarbeidar 7% – fast helgestilling

Om stillinga

Alver bibliotek har ledig 7% laurdagsstilling. Arbeidstid er annakvar laurdag kl 10.00-15.15. Det er fint om ein har høve til å arbeide ekstra ved ferieavvikling og sjukdom. Arbeidsstad vil vere Manger, Frekhaug eller Knarvik.

Alver bibliotek er ein attraktiv møteplass for innbyggarane i Alver kommune. Vi har tre avdelingar, ein filial og ein bokbuss. Det er laurdagsope på Knarvik, Frekhaug og Manger.

Arbeidsoppgåver

  • Skranke og anna service til brukarane av biblioteket 
  • Litteraturformidling
  • Formidling av digitale tilbod og verktøy
  • Hyllerydding og anna førefallande arbeid
  • Legge til rette for arrangement.

Kvalifikasjonar

  • Videregåande utdanning, over 18 år
  • Du er gjerne ein student innan formidling, litteratur, kultur eller mediefag
  • Du har god digital kompetanse
  • Du har gjerne erfaring frå bibliotek, formidlings- og/eller arrangementerfaring

Personlege eigenskapar

  • Du har interesse for litteratur, formidling og digitale verktøy
  • Du ønskjer å lære og utvikle gode bibliotektenester
  • Du er sjølvstendig, serviceinnstilt og strukturert
  • Du er løysingsorientert og initiativrik

Vi tilbyr

  • Hyggelege kollegaer og eit godt arbeidsmiljø   
  • Lønn i samsvar med lov – og avtaleverk
  • Person- og pensjonsordning gjennom KLP

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Alver kommune orgnr: 988240818
Kort om arbeidsgiver

Alver kommune – Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar! 

Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare. 

Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv. 

Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.  

Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.

Webside https://www.alver.kommune.no/
Bransje Kultur og kreative yrker
Yrke Museum, bibliotek
Sted ISDALSTØ (Adresse: Kvernhusmyrane 29 Postnr: 5914)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 22-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/f7a58364-a984-4829-a8f6-a505cef7391d
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/258097