Job Description

Published 22-04-2024
Deadline: 07-05-2024

 

Brenn du for å gjere ein forskjell for dei barna som treng det mest? Då har me spennande stillingar ledige for deg!

Vi har ledig:

  • Inntil 100% fast stilling miljørettleiar Nedre-Ål skule frå 01.08.24
  • Inntil 200% fast stilling fagarbeidar/assistent Nedre-Ål skule frå 01.08.24

Oppstart våren -24 kan vera aktuelt.

Som miljørettleiar og fagarbeidar/assistent arbeider du med ulike sosialpedagogiske tiltak opp mot enkeltelev med omfattande behov og 2:1-bemanning. Dette omfattar å tilpasse og støtte elev i skulekvardagen på ulike måtar, i tett samarbeid med føresette, kontaktlærar, faglærarar og fagarbeidarar/assistentar. Delar av stillinga omfattar turnusarbeid ved avdeling miljøterapi.

Som miljørettleiar vil du vera koordinator i laget rundt dette barnet.

Nedre-Ål skule har engasjerte vaksne som er opptekne av leikbasert, aktiv læring, uteskule og smart bruk av digitale hjelpemiddel, og medarbeidarar som samarbeider om ein best mogleg skulekvardag for flest mogleg.

Nedre-Ål skule er ei 1.-7. skule med 215 elevar. Kvart trinn har eit fast team av lærarar, miljørettleiarar og fagarbeidarar/assistentar. Miljørettleiarane på Nedre-Ål har også eigen samarbeidstid der dei jobbar saman kring aktuelle utfordringar og fagleg utvikling.  

Kvalifikasjonar

Miljørettleiar:

  • relevant utdanning, t.d. vernepleiar, barnevernspedagog, sosionom eller tilsvarande
  • kompetanse, interesse for og/eller erfaring med arbeid med barn/unge med autisme

Fagarbeidar/assistent:

  • fagbrev barne- og ungdomsarbeidar eller tilsvarande utdanning
  • kompetanse, interesse for og/eller erfaring med arbeid med barn/unge med autisme

Arbeidsoppgåver

  • følgje opp enkeltelev
  • samarbeid og rettleiing av kollegaer
  • observasjon
  • dokumentasjonsarbeid
  • deltaking i samarbeidsmøte med føresette og støttetenester
  • kontakt med føresette
  • evt miljøterapitenester etter nærare avtale

Personlege eigenskapar
Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar. Me ynskjer at du:

  • har godt lag med barn og ungdom
  • er tydeleg og omsorgsfull
  • kan arbeide sjølvstendig og målretta
  • kan samarbeide godt med leiing og personalet omkring barn som har ulike utfordringar
  • har evne til dialog og samhandling med elevar, tilsette og føresette
  • er fleksibel, løysings- og utviklingsorientert
  • har godt humør og pågangsmot
  • ynskjer å delta i skulen sitt fellesskap, både fagleg og sosialt

Me tilbyr

  • ein arbeidsplass med godt og utviklande arbeidsmiljø
  • varierte og spanande arbeidsoppgåver
  • engasjerte vaksne og barn
  • pensjonsordning i KLP
  • hjelp til å finne bustad
  • lønn etter gjeldande tariffavtale. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala

 Søknad og politiattest

  • vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
  • den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader
  • intervju kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden
  • kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista

 

Velkomen som søkjar!

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Ål kommune Nedre-Ål skule orgnr:
Kort om arbeidsgiver Ål kommune har ein desentralisert barnehage- og skulestruktur med både små og litt større skular og barnehagar. Frå 8. trinn blir alle elevane samla på Ål ungdomsskule. Gjennom målretta arbeid med kompetanseutvikling og lokale handlingsplanar, ynskjer kommunen å utvikle gode profesjonsfellesskap i barnehagane og skulane våre. “Betre læring” er vår lokale oppvekstplan og visjonen er «Alle som veks opp i Ål skal bli rotfaste og flygedyktige». Hovudmålsettinga «I eit inkluderande oppvekstmiljø der alle ser og blir sett, får kvar einskilld kraft til å meistre eigne liv» skal vere grunnleggande for drifta i sektoren.

Hallingdal er ein spennande møteplass mellom aust og vest, med eit rikt mangfald av arbeidsplassar og fritidstilbod. Dette er draumeplassen for deg som likar friluftsliv, kultur og eit kortreist og køfritt kvardagsliv. Her gjev naturopplevingar sommar og vinter, kulturopplevingar og eit stort tal arrangement grunnlaget for det gode liv!

Ål kommune vart kåra til både Årets kulturkommune og Årets nynorskkommune i 2021!

Webside
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted ÅL (Adresse: Sundrevegen 43-45 Postnr: 3570)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 07-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/8a03a947-2852-4bed-b4cd-71df2b447aba
IMPORTAPI