Controller – Tecno VVS AS

Kontor og økonomi Economy, Statistics and accounting

(2 weeks ago)

  •  Post Date: 7. May 2024
  •  Expire date: 26. May 2024
Job Description

Published 07-05-2024
Deadline: 26-05-2024

 

Controller

Har du kaldt hovud, men varmt hjarta. Er lett i praten og kjapp i tanken. Analytisk, strukturert og ikkje redd for å stå opp for det du veit er rett. Likar du å ha mange ballar i lufta og dreg lasset saman med kollegaene dine. Då er du rett person for oss.

Som controller i Tecno VVS vil du vere ein del av leiargruppa og ein viktig sparringspartner for dagleg leiar både i den daglege drifta og i meir langsiktig strategiarbeid.

Me ser etter deg med sterke kommunikative evner, som kan formidle slik at heile organisasjonen forstår. Du er løysingsorientert, strukturert og planmessig, som fører til gode resultat for oss og våre samarbeidspartnarar.

Stillinga er i Norheimsund, men for den rette personen kan også Voss vere ein aktuell arbeidsplass.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeid med årleg budsjett og periodiske prognosar
  • Arbeid med rapportering av periodisk rekneskap og analyser for leiing og styre, samt økonomisk rådgjeving
  • Arbeid med KPI saman med leiinga, og oppfylging av desse
  • Lønnsemd og avviksanalysar
  • I samarbeid med ekstern rekneskapsførar utføra relevante rekneskapsoppgåver
  • Intern og ekstern rapportering
  • Oppfølging og kontroll av prosjektrekneskap
  • Bank og forsikring
  • Ulike andre administrative oppgåver

Kompetanse og personlege eigenskapar

  • Relevant høgare utdanning innan økonomi
  • Relevant erfaring frå budsjett-, rekneskap og økonomistyring
  • God forretningsforståelse
  • Solid IT og systemkompetanse
  • Det er føremon med kjennskap til Uni Micro
  • Er sjølvstendig
  • Har gode kommunikative evner
  • Er løysingsorientert, strukturert og analytisk

Me tilbyr

  • Eit svært bra arbeidsmiljø med mange fellesaktivitetar
  • Gode pensjons-, lønns- og forsikringsordningar
  • Nødvendig fagleg opplæring/oppfylging

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Tecno VVS AS orgnr: 971908106
Kort om arbeidsgiver

TECNO VVS AS tilbyr ei totalteknisk løysing innan VVS, med tverrfagleg spesialkompetanse innan sanitær, varme, luftbehandlingsanlegg, blikkenslagerarbeid, automasjon og SD-anlegg.

Me står for prosjektering, utføring og drifting av tekniske anlegg på ein energiøkonomisk måte. Som kunde hjå TECNO VVS AS treng du ikkje ta omsyn til grensesnitt mellom VVS-faga.

Webside https://www.tecno.no/
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Økonomi, statistikk og regnskap
Sted (Adresse: Postnr: )
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Privat
Krav Unknown
Tiltredelse Etter avtale
Søknadsfrist 26-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/020a4ddd-e8fa-417c-b761-6963e58fe07f
Stillingsregistrering