Job Description
Published 24-04-2024
Deadline: 15-05-2024
Driftsoperatør
Vestland fylkeskommune(VLFK) har ansvar for å utvikle Vestlandssamfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for verdiskaping, næringsutvikling, fritidsopplevingar, klima og kultur. Som del av eit nasjonalt og globalt samfunn har vi ansvar for å ta vare på fortida, notida og framtida i Vestland fylke. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.
Eigedomsavdelinga er Vestland fylkeskommune sin fagavdeling for bygge- og eigedomssaker. Avdelinga skal ivareta fylkeskommunen sin byggherrefunksjon og er ansvarleg for forvaltning, drift, vedlikehald og utvikling av fylkeskommunen sine eigedomar. Samla areal på eigedomsmassen er ca. 800.000 m², og utgjer vidaregåande skular, tannklinikkar, kollektivanlegg, kultur- og administrasjonsbygg. Eigedomsavdelinga har totalt ca. 380 tilsette. Av desse er ca. 40 tilsette ved kontoret i Bergen.
Det er ledig fast 100 % stilling som driftsoperatør ved Knarvik vidaregåande skule. Driftsoperatøren vil rapportere til områdeleiar.
Den som vert tilsett får opplæring i drift og vedlikehald av dei tekniske anlegga ved Knarvik vgs.
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste
Arbeidsoppgåver
- Drift og vedlikehald av bygg, tekniske installasjonar og utomhusanlegg
- Følgje opp mindre bygge- og rehabiliteringsprosjekt
- Vera byggeigar sin representant på bygget ved innkjøpte tenester tinga av Eigedomsseksjonen
- Utføre mindre serviceoppgåver opp mot bruker etter retningslinjer gitt frå Eigedomsavdelinga
- Ansvarleg for at bygget tilfredsstiller krava i offentlege lover og forskrifter i samarbeid med Eigedomsavdelinga
- Være brannvernleiar
- Andre oppgåver knytt til drifta
Kvalifikasjonar
- Fagbrev med erfaring, fortrinnsvis som byggdriftar, røyrleggjar, elektrikar, automatikar eller anna relevant erfaring innan bygningsdrift. Erfaring kan kompensere for fagbrev
- Kunnskap om tekniske installasjonar og bruk av SD-anlegg
- Kunnskap om internkontroll innan brann, elektro, tekniske installasjonar, HMT og ytre miljø
- Praktisk yrkeserfaring
Personlege eigenskapar
- Gode evner til kommunikasjon, vere kreativ, påliteleg, initiativrik og serviceinnstilt
- Ha evne til å arbeide sjølvstendig, målretta og samarbeide godt med andre i fylkesadministrasjonen
- God datakunnskap og kjennskap til databaserte styringsverktøy
Vi tilbyr
- Spanande oppgåver i eit tverrfaglig miljø
- Engasjerte og dyktige medarbeidarar
- Gode moglegheiter for faglig utvikling
- Gode pensjonsordningar
- Løn etter avtale
Kontaktinformasjon
Knut Jordal, 41630722
Arbeidsstad
Juvikstølen 9
5916 Knarvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 4805804604
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.05.2024
DIVERSE INFO