Job Description

Published 11-04-2024
Deadline: 10-05-2024

 

Einingsleiar for Spira, Barne- og familieeininga i Ulvik

Me søkjer etter deg som kan vere med å byggja opp ei tverrfagleg eining for born, unge og familiar i Ulvik herad. Den nye eininga, vil ha eit tett tverfagleg samarbeid. PPT og barnevern vil vera to av tenestene du vert leiar for.

Hva vi ser etter

Deg som har kompetanse og erfaring med tverrfageleg samarbeid mellom barneverntjenesta, PPT og helsesjukepleiar/skulehelsetenesta sitt vide arbeidsfelt. Du er godt kjent med plikta til å undersøkje, iverksetja og gjennomføra tiltak. Du veit at det vert stilt høge krav til arbeidet som vert utført, og veit at undersøkinga ofte set standard for kva som er riktig hjelp til rett tid. Du vil saman med medarbeidarane ha eit høgt fokus på samarbeid, tverrfagleg samarbeid, medverknad og inkludering når kartleggingsarbeid og testing vert gjennomført. På samme måte vil du og medarbeidarane vere opptekne av dokumentasjon av barneverntjenesta og PPT tenesta sine vurderinger og tilrådingar.

Me ynskjer at du har/er:

  • leiarutdanning
  • 3-årig høgskuleutdanning, barnevernspedagog, sosionom eller anna relevant utdanning.
  • relevant leiarerfaring frå barnevern
  • har erfaring med tverrfagleg samarbeid med PPT, skulehelseteneste og helsestasjon.
  • erfaring med økonomistyring
  • implementeringskompetanse
  • gode kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg.
  • utviklings- og resultatorientert
  • likar utfordringar
  • har kunnskap om offentleg forvaltning

Personlege eigenskapar

Du har stor forståing for heradet sine mål og tenester, du er samfunnsengasjert og trygg i leiarrolla. Som einingsleiar må du ha evne til å analysera komplekse problemstillingar. Du må i tillegg vera medviten eiga dømmekraft og evne til å handla klokt og ha mot til å ta avgjerd. Du ynskjer å byggja ein kultur for nyskaping ,læring, godt tverrfagleg arbeidsmiljø med høg etisk verdi. Du kan lytta, framstå som roleg og er fleksibel på veg mot målet. Du har humor og er raus, du er opptatt av tillitsbasert leiing og tek ekstra kontroll når det det er naudsynt. I ei tverrfagleg teneste er me avhengig av heilskapleg blikk, og du ser det viktige med å spela på lag, på tvers av område.

Arbeidsoppgaver

Du vil få ansvar for å leia barnevern, PPT og evt andre tenester knytt til born og familie. I tillegg vil du få og ansvar for personal, fag og økonomi.

Endeleg organisering vert lagt etter at leiar er tilsett.

Vi tilbyr

Ei leiarstilling med høve til å påverka verksemda og utviklinga av eit svært viktig fagfelt til det beste for born, ungdom og familane deira. Du vil bli ein del av eit inspirerande arbeidsmiljø med engasjerte kollega som har høg fagkompetanse. Arbeidet skjer i ein dynamisk tverrfagleg organisasjon med høve til å ta initiativ til nyskapning.

  • Løn etter avtale.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Flyttegodtgjersle etter gjeldande regelverk og hjelp til å finne bustad.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Ulvik Herad Sentraladministrasjon orgnr: 974624877
Kort om arbeidsgiver

Ulvik herad ligg ved Hardangerfjorden og er omkransa av flotte skog- og fjellområde som innbyr til tur- og friluftsliv heile året. I tillegg er det eit yrande badeliv om sommaren. Me har eit aktivt idretts- og kulturliv, med flotte anlegg for leik og idrett både sommar og vinter. Kulturlivet i bygda blømer med Poesifestival, lyden av Ulvik, Sommarfestival, blueshelg, Finsejazz og mykje meir! For meir informasjon,  besøk heimesida vår www.ulvik.kommune.noeller www.visitulvik.no

Webside https://www.ulvik.kommune.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Leder innenfor helsetjenester
Sted ULVIK (Adresse: Skeiesvegen 3 Postnr: 5730)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Etter avtale
Søknadsfrist 10-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/7cd4dcb8-90a2-4dfa-9eb8-98ddc2e663cd
Stillingsregistrering