Job Description

Published 15-04-2024
Deadline: 07-05-2024

 

Einingsleiar ved Valderøy omsorgsdistrikt, fast stilling

Giske kommune søkjer ein engasjert einingsleiar ved Valderøy omsorgsdistrikt. Som vår nye einingsleiar har du eit brennande engasjement for å stadig betre kvaliteten, og du ser høg verdi i tverrfagleg samarbeid. Vidare er du oppteken av endring og nytenking og ser med glede og optimisme på dei moglegheiter som ligg i velferdsteknologi og digitalisering.

Som leiar har du eit hjarte for både brukarane og for dei tilsette, og du er oppteken av å leggja til rette for at kollegane skal ha dei beste føresetnadar for å kunne oppleve å vere i utvikling og at dei kan gjere ein god jobb. Du er oppteken av godt arbeidsmiljø, og du har eit godt auge for å rekruttere nye kompetente medarbeidarar ved behov.

Valderøy omsorgsdistrikt har 65 årsverk og har ansvar for heildøgnstilbod til eldre og sjuke, fordelt på både korttids- og langtidsplassar, dagsenter, heimetenester og storkjøkken. Valderøy omsorgsdistrikt har tilsette med god og variert kompetanse og har som overordna mål å tilby tenester med god kvalitet.       

Vi ser etter deg som likar å vere leiar i eit miljø med mange personar og yrkesgrupper, mange faglege utfordringar og som ønskjer å bidra til å utvikle pleie- og omsorgstenester for framtida. 

Einingsleiar samarbeider tett med leiarteamet sitt. Andre viktige samarbeidspartnarar er i fyrste rekkje andre leiarar i helse og omsorgssektoren, i tillegg til toppleiarteamet og til leiarforum der alle einingsleiarar deltek. Kommunalsjefen for helse og omsorg er næraste overordna.

Stillinga er ledig frå 13.05.2024.

Giske kommune er ein nynorskkommune og tilsette skriv nynorsk i saksbehandling og dialog med innbyggjarane.

I tillegg til formell kompetanse blir det lagt stor vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga.

Det er krav om politiattest av ny dato.

Dokumentasjon på utdanning skal sendast i lag med søknaden.

Arbeidsoppgåver

  • Fagleg ansvar for kvalitet og tenesteutvikling i eininga 
  • Dagleg drift og økonomistyring, med turnus- og budsjettansvar
  • Personalansvar
  • Leie, koordinere og sørge for drift og vidareutvikling av tenestetilbodet innan gjeldande lovverk, budsjett og overordna planar i kommunen
  • Utarbeide gode årsturnusar i samarbeid med dei tilsette og tillitsvalde
  • Inngå i kommunalsjefen si leiargruppe
  • Bidra i utvikling av helse- og velferdstilbodet i kommunen
  • Kompetanseutvikling og nytenking innan eige tenesteområde
  • Tenke heilskapleg
  • Pådrivar for prosjekt- og utviklingsarbeid
  • Ansvar for å tilrettelegge for tverrfagleg og tverrsektorielt samarbeid
  • Kvalitet- og internkontroll

Kvalifikasjonar

  • Relevant helsefagleg utdanning på høgskole- eller universitetsnivå, helst offentleg godkjent sjukepleiar
  • Leiarutdanning på høgskule- eller universitetsnivå, Søkjarar utan leiarutdanning, men med relevant leiarerfaring vil også bli vurdert
  • Leiarerfaring
  • Kjennskap til aktuelt lovverk
  • God digital kompetanse
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Tydeleg og synleg leiar, med inkluderande leiarstil
  • Gode kommunikasjonsevner og god relasjonskompetanse
  • Beslutningsdyktig og resultatorientert
  • Evne til strategisk, langsiktig og heilskapleg tenking
  • Høg grad av gjennomføringsevne
  • Evne til å leie tilsette i omstilling og endring
  • Sjå samanheng og heilheit
  • Positiv
  • Stor arbeidskapasitet
  • Løysingsorientert
  • Evne til god dialog og samspel og å vekke engasjement

Vi tilbyr

  • Varierte arbeidsoppgåver i eit godt fagleg miljø
  • Fleksibel arbeidstid
  • Mogelegheit for eigenutvikling og stor påverknad
  • Gode kommunale forsikrings- og pensjonsordningar
  • Løn etter avtale

Kontaktinformasjon

Lene Bjørlo Overå, kommunalsjef, 41616109

Arbeidsstad

Valderøya
6050 VALDERØYA

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Giske kommune

Referansenr.: 4798601048
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.05.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Valderøy omsorgsdistrikt, Giske kommune orgnr: 974619156
Kort om arbeidsgiver

Giske kommune har om lag 8700 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.

 

Webside www.giske.kommune.no
Bransje Industri og produksjon
Yrke Matproduksjon og næringsmiddelarbeid
Sted VALDERØYA (Adresse: Valderøya Postnr: 6050)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 07-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/50eb1073-4f78-41bf-8bb7-9346ef0566d9
IMPORTAPI