Job Description

Published 23-04-2024
Deadline: 12-05-2024

 

Er du på leit etter nye utfordringar innan økonomi?

Ynskjer du å jobbe med økonomi i eit stort og framtidsretta fagmiljø? No har du sjansen til å bli ein del av NAV Økonomiteneste på Leikanger. 

NAV Økonomiteneste er ein intern tenesteleverandør for lønns- og rekneskapstenester til NAV. No styrkar vi laget med fast og mellombelse stillingar i seksjon for innkjøp, betaling og rekneskap. 

Arbeidsoppgaver

Økonomiområdet i NAV er i stadig utvikling, og vi har nyleg teke i bruk fleire nye digitale løysingar for å utføre oppgåvene meir effektivt og auke kvaliteten på tenestene våre. Samtidig førebur vi oss på å ta i bruk statlege rekneskapsstandardar (SRS). 

Seksjonen har spennande oppgåver innan bestilling, faktura og betaling på driftsområdet. I tillegg har vi ansvar for utbetaling av stønader og andre rekneskapsoppgåver som til dømes avstemmingar og rapportering til statsregneskapet. Vi har og ei viktig rolle med å jobbe forebyggande og gjennomføre analysar for å sikre god rekneskapskvalitet i heile etaten.

Oppgåvene dine vil kunne endre seg ut frå dine interesser og vårt behov for din kompetanse.

Kvalifikasjoner

  • Økonomiutdanning på minimum bachelornivå
  • Lang relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
  • Gode digitale ferdigheiter
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk

Vi ønskjer at du har god økonomiforståing og kjennskap til statleg regelverk på området.

Du er velkomen til å søke både som nyutdanna eller om du har lang arbeidserfaring. Motivasjon for stillinga og personlege eigenskapar vert lagt stor vekt på.

Personlige egenskaper

  • Du jobbar systematisk, effektivt og nøyaktig
  • Du trivast med eit høgt tempo
  • Du har gode samarbeidsevner
  • Du er utviklingsorientert og tek ansvar

Kven er vi?

NAV Økonomiteneste (ØT) er ein intern tenesteleverandør som leverer lønns- og rekneskapstenester til alle NAV sine statlege einingar. Dette inneber mellom anna utbetaling av 560 mrd. kroner i årlege ytingar, samt rettleiing for etaten sine 22 000 tilsette. NAV Økonomiteneste har ei viktig rolle for å sikre god rekneskapskvalitet i NAV. Eininga består av 95 tilsette fordelt på tre seksjonar og er lokalisert på Leikanger i Sogndal kommune, Vestland fylke. 

Vi tilbyr

  • Eit godt, inspirerande fagmiljø  med spennande oppgåver
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Familievennleg personalpolitikk med gode velferdsordningar.
  • Gode arbeidstidsordningar med fleksitid og treningstime i arbeidstida.
  • Lønn som rådgjevar/seniorrådgjevar i lønnsspenn kr. 565 900 – 635 400 brutto pr år. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast
  • God pensjonsordning gjennom Statens Pensjonskasse
  • Arbeidsstad er Leikanger, og vi praktiserer hybrid arbeidsplass med moglegheit for heimekontor inntil to dagar i veka

Kontaktinformasjon

Torill Skårhaug, Fung. seksjonssjef Innkjøp, betaling og rekneskap, 91521263, torill.skarhaug@nav.no

Arbeidssted

Sognefjordvegen 56
6863 Leikanger

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: NAV

Referansenr.: 4805217885
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Søknadsfrist: 12.05.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver NAV Økonomiteneste orgnr:
Kort om arbeidsgiver

NAV søker ansatte med hjerte for mennesker og våre fagområder. Vår visjon er å gi mennesker muligheter, og dette gjør vi ved å utvikle Norges beste arbeids- og velferdstjenester.

NAV består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidere. Vi jobber tverrfaglig i sterke fagmiljøer. Hos oss skal arbeidsmiljøet preges av involvering, åpenhet og tillit.

Mangfold er viktig i NAV. Mangfold bidrar til bedre problemløsing, økt kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppfordrer derfor kandidater med ulik bakgrunn til å søke på stillinger hos oss, spesielt om du har hull i CV-en, innvandrerbakgrunn eller nedsatt funksjonsevne.

Ønsker du å bli unntatt fra offentlig søkerliste må du begrunne dette. Del gjerne ditt vitnemål eller karakterutskrifter via vitnemålsportalen.no.

NAVstilling

Webside https://www.framtidsfylket.no/bedrifter-i-vestland/nav-okonomiteneste-j62baepd8luhd8srllhx1g
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted LEIKANGER (Adresse: Sognefjordvegen 56 Postnr: 6863)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 12-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/098164d0-eb1f-4804-9f2c-a94f4df7914e
IMPORTAPI