Er du vår nye medarbeidar? – Suldal kommune Suldal heimeteneste

Health and social care Health

(2 weeks ago)

  • SAND
  •  Post Date: 21. April 2024
  •  Expire date: 12. May 2024
Job Description

Published 21-04-2024
Deadline: 12-05-2024

 

Er du vår nye medarbeidar?

 

Suldal heimeteneste har ledig fleire fast helgestilling som pleiemedarbeidar i heimesjukepleien. Oppmøte er for tida på base Osen, og basen på Sand, men ein kan kan ha oppmøte på alle dei tre basene våre, når det er behov for det. Vil du bli med på laget?

Me yt tenester til innbyggjarar frå 0-100+ år 24/7/365, og har tenestemottakarar i alle dei sju grendene i kommunen. Me er engasjerte og framtidsretta, og jobbar etter «Kva er viktig for deg?» og er opptatt av å sikre Gode pasientforløp. Hjå oss er det gode moglegheiter for å bruke eiga kompetansen, og ikkje minst vidareutvikle seg!

Om stillinga
Stillingsstorleik: 13,62 % til 17,67%
Stillingstype: fast
Stilling ledig frå: 01.08.24

Arbeidsoppgåver
Praktisk hjelp, pleie og omsorg utifrå tenestemottakarane sine behov.
Stillinga er i turnus med arbeid kvar 3. helg.

Kvalifikasjonar
Det er ikkje krav til utdanning i stillinga, men me oppmodar sjukepleiarstudentar eller helsefagelevar til å søkje.
Du må beherska norsk skriftleg og munnleg.
Førarkort kl. B.
Personleg eignaheit vil bli vektlagt.

Personlege eigenskapar
Me søkjer deg som har evne til å sjå andre sine behov, har gode samarbeidsevner og gode kommunikasjonsferdigheiter, du er sjølvstendig og tar ansvar. Om du i tillegg er eit positivt bidrag til eit godt arbeidsmiljø, kan du vere personen me søkjer.

Hos oss i Suldal kommune får du
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Engasjerte og dyktige kollegaer.
Gode moglegheiter til fagleg utvikling.
Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Bedriftshelseteneste.
Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk.
Nynorsk som administrasjonsspråk.

Andre opplysningar
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju.
Originalvitnemål skal alltid verta tatt med på intervju.
Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar.
Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa.
Kommunen følg offentlighetslova § 25.

Slik søkjer du
Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.
Du kan søkja med brukarnamn og passord, via Facebook- profil eller søkje utan å logge inn.
Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista.

Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju.

Treng du hjelp, kan du venda deg til kommunen på tlf 52 79 22 00.

Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Suldal kommune Suldal heimeteneste orgnr:
Kort om arbeidsgiver Psykisk helse:
Psykisk helse ligg under Suldal Heimetenester i lag med heimesjukepleien og tildelingskontoret. Psykisk helseteneste gir tilbod til vaksne med psykiske vanskar og livskriser, og til deira pårørande. Tilbodet blir gitt som heimebesøk eller i våre lokaler på Bjødnateigen. I psykisk helse jobbar me individuelt, i nettverk og i ulike aktivitetstilbod. Brukarstemma er viktig for oss, og skal stå sentralt i utforminga av tilbodet som blir gitt.

Tildelingskontoret:
Tildelingskontoret for tildeling av helse og omsorgstenester i Suldal kommune ligg organisert under Suldal Heimetenester. Tildelingskontoret fungerer som ei «dør inn» til helse- og omsorgstenesta, med mål om å gi god handsaming og kvalitet til alle som tek kontakt med kommunen for å søkje om helsetenester. Tilsette på tildelingskontorett har god kjennskap til tenestene kommunen tilbyr og er serviceinnstilt. Tenestene blir tildelt etter ei individuell vurdering med fokus på brukarmedverknad, dialog og samhandling.

Suldal Heimetenester:
Heimesjukepleien tilbyr heimebaserte tenester i alle grendene i Suldal kommune, og er organisert i lag med psykisk helse og tildelingskontoret. Me tilbyr helsehjelp i heimen, praktisk bistand, middagsombringing og ulike dagaktivitetstilbod. Suldal Heimetenester tilbyr og kvardagsrehabilitering, førebyggjande heimebesøk og velferdsteknologiske løysingar. Dei tilsette i heimesjukepleien arbeidar sjølvstendig, er fleksible og løysingsorienterte. Me har fokus på å yte tenester av god fagleg kvalitet, der spørsmålet «kva er viktig for deg?» står sentralt i møte med brukarane våre.

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Helse
Sted SAND (Adresse: Bjødnateigvegen 21 Postnr: 4230)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 12-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/0150a2f0-2fdf-4b29-8b88-233e2e53e1af
IMPORTAPI