Job Description

Published 18-04-2024
Deadline: 03-05-2024

 

Erfaring frå IPS? Då kan du bli vår nye metoderettleiar

Har du erfaring frå arbeid med IPS? Har du tru på at alle menneske, trass i fysiske eller psykiske utfordringar kan studere eller få og behalde ein vanleg jobb? Då kan dette vere den rette jobben for deg!

Individuell jobbstøtte (IPS) er ein modell og metode for tett oppfølging av personar med psykiske lidingar som ønsker arbeid, og som har behov for behandling samtidig med arbeidsretta bistand. Målet er å legge til rette for at menneske med samansette utfordringar skal få, behalde og klare å stå i ordinær utdanning eller lønna arbeid.
NAV region Bergen har no ledig eit vikariat som metoderettleiar til IPS region Bergen. Som metoderettleiar vil du ha fagleg oppfølging av eit IPS-jobbspesialistteam, drive resultat- og prosessrettleiing i teamet, vere pådrivar for jobbspesialistane sitt marknadsarbeid, samt sikre samarbeid med aktuelle aktørar som bl.a. helsetenester, fastlegar og utdanningsinstitusjonar.

Du vil bli tilsett ved NAV IPS Bergen på NAV Årstad. Vikariatet er knytt til Kronstad distriktspsykiatriske senter (DPS), Psykisk helsevern for ungdom (PBU) ved Haukeland universitetssjukehus og FACT Ung i Bergen kommune.  Du vil få kontorplass på Kronstad DPS med eigen portefølje på inntil 10 personar. Samtidig vil du få ansvar for oppfølging av 5 jobbspesialistar ved Kronstad DPS og 1 jobbspesialist ved PBU og FACT Ung.

Søk stilling hos oss, og du vil få jobbe i eit engasjert miljø med stor fagleg bredde og utviklingsfokus. Vi ber deg utdjupe i søknaden kva som motiverer deg til å søke på denne stillinga.

Arbeidsoppgåver

  • Rettleiing av jobbspesialistar som jobbar med Individuell jobbstøtte (IPS)
  • Gjennomføre teammøter, samt grupperettleiing av IPS-teamet
  • Evaluere arbeidsinnsats og hjelpe kvar enkelt jobbspesialist med å sette mål
  • Gjennomføre møter med potensielle arbeidsgivarar
  • Oppsøke utdanningsinstitusjonar og verksemder for å skape dialog og bygge nettverk
  • Følge opp eigen portefølje og med det identifisere jobbsøkarane sine interesser, sterke sider, ferdigheitar, og evner
  • Rettleie jobbsøkaren i søkeprosessen
  • Bidra med din kompetanse og entusiasme inn i jobbspesialistteamet

Kvalifikasjonar

  • Fullført utdanning på minimum bachelornivå frå høgskule/universitet. Relevant erfaring kan kompensere for kravet til utdanning.
  • Minimum 2-års erfaring som jobbspesialist eller metoderettleiar innan IPS eller Supported Employment (SE)
  • God kunnskap om arbeidsmarknaden lokalt og regionalt
  • Kunnskap om, eller erfaring frå arbeid med personar som har psykiske helseutfordringar
  • God datateknisk forståing slik at du klarer å handtere ulike fagsystem

Vi ser etter deg som

  • Er god til å kommunisere med ulike menneske og som skaper gode og trygge relasjonar
  • Er god til å motivere og inspirere
  • Er fleksibel, strukturert og har god gjennomføringsevne
  • Jobbar sjølvgåande og er resultatorientert

Vi tilbyr

  • Moglegheit til å utgjere ein skilnad i ein organisasjon med eit særs viktig samfunnsoppdrag
  • Meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Opplæring, kurs og kompetanseheving
  • Statleg tilsetting i stillingskode 1364 seniorrådgivar med lønsspenn frå kr. 624 500 til kr. 692 400 per år. For særskilt godt kvalifiserte søkarar kan høgare løn bli vurdert
  • Gode pensjons-, låne- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse. Det vert trekt 2 % innskot frå løna til Statens pensjonskasse
  • Fleksibel arbeidstid og moglegheit for trening i arbeidstida

Kontaktinformasjon

Aina Merete Steinsland, Avdelingsleiar, 91364345, aina.merete.steinsland@nav.no

Arbeidsstad

Møllendalsveien 6
5009 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: NAV

Referansenr.: 4797195562
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.08.2024
Sluttdato: 30.04.2025
Søknadsfrist: 03.05.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver NAV Årstad (regionkontor Bergen) orgnr:
Kort om arbeidsgiver

NAV søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.  

NAV består av 19 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.

For å kunne levere best mogleg tenester er det viktig med mangfald i rekrutteringa. Vi oppmodar derfor personar med innvandrarbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV-en til å søkje jobb hos oss. Vi legg arbeidsforholda til rette for deg viss du har behov for det. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskriftene dine på vitnemålsportalen.no. 

NAVstilling

Webside
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Kontor, forvaltning og saksbehandling
Sted BERGEN (Adresse: Møllendalsveien 6 Postnr: 5009)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse 01-08-2024
Søknadsfrist 03-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/20b33508-ab1c-4539-b691-f997b1240dce
IMPORTAPI