Fagansvarleg arealplan – Klepp kommune, plan og forvaltning

IT Drift, vedlikehold

(2 weeks ago)

  • KLEPPE
  •  Post Date: 18. April 2024
  •  Expire date: 5. May 2024
Job Description

Published 18-04-2024
Deadline: 05-05-2024

 

Fagansvarleg arealplan

Plan og forvaltning har fagområda byggesak, plan, geodata og landbruk. Me treng ein fagansvarleg for vårt team av fire arealplanleggjarar. Faggruppa behandler private planforslag, utarbeider kommunale reguleringsplanar, og bidreg i kommunens overordna planarbeid.

Me søkjer etter deg som har kompetanse og engasjement for gjennom gode planprosesser og arealplanar leggja rammer for ein god stads- og samfunnsutvikling til beste for innbyggjarar, miljø, klima og næringsliv.

Arbeidsoppgåver

  • Du skal sørga for at arealplanlegginga har ein høg fagleg standard
  • Du vil leia arbeidet med å vidareutvikla gode og effektive planprosessar
  • Du skal bidra til gode medvirkningsprosessar og eit godt samarbeid internt i kommunen
  • Du vil vere saksbehandlar for ulike  typar reguleringsplanar

Kvalifikasjonar

  • Du har relevant høgare utdanning
  • Du har relevant erfaring frå privat eller offentleg sektor
  • Du har gode norskkunnskapar skriftleg og munnleg
  • Du har gode datakunnskapar

Ved tilsetting vil personlege eigenskapar og interesse for fagområdet bli tillagt stor vekt.

 

Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål i PDF-format, saman med søknaden din. Utanlandske vitnemål må vere NOKUT-godkjende (hkdir.no) og utanlandske attestar oversette til et skandinavisk språk eller engelsk. Vi gjør merksam på at dokumentasjon på blant anna avtjent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller sjuke og kan gi utteljing på lønnsansiennitet.

Personlege eigenskapar

Me arbeider tett med kvarandre, andre avdelingar i kommunen, myndigheiter, utbyggarar, konsulentar, naboar mm. Det er difor viktig at du har gode samarbeidsevner, er konstruktiv og serviceinnstilt. Du må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert.

Vi tilbyr

  • Spennande og varierte oppgåver med rom for fagleg utvikling.
  • Ein sjølvstendig stilling, der du i stor grad kan påverke eigen arbeidskvardag
  • Konkurransedyktig lønn. Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Eit godt og tverrfagleg arbeidsmiljø

Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei plikter som går fram av utlysinga, og dei til ein kvar tid gjeldande lovar, reglar og tariffavtalar. Løn i samsvar med lokal lønnspolitikk

Kontaktinformasjon

Trygve Valen, Plan og forvaltningssjef, +47 97978717

Arbeidsstad

Solavegen 1
4351 Kleppe

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Klepp kommune

Referansenr.: 4795184102
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.05.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Klepp kommune, plan og forvaltning orgnr: 974549638
Kort om arbeidsgiver

Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 20 000 innbyggarar og om lag 1700  tilsette. Me ligg ein kort køyretur frå Stavanger og Sandnes.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.

 

Visjonen vår er «Med blikk for alle».  Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt.

Webside http://www.klepp.kommune.no
Bransje IT
Yrke Drift, vedlikehold
Sted KLEPPE (Adresse: Solavegen 1 Postnr: 4351)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 05-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/7dbe826d-d141-416c-ad35-ee039bb43bc5
IMPORTAPI